Kort om arbeidsgiver

Radiologisk avdeling er ei sentral avdeling for sjukehuset. Avdelinga utfører avansert diagnostikk og behandling innan alle radiologiske modaliteter. Avdelinga har ca 300 tilsette og ein moderne maskinpark. Avdelinga har høg klinisk aktivitet og er blant dei fremste innan forsking. Avdelinga har fokus på kvalitet og pasientsikkerhet, samt å arbeide systematisk med arbeidsmiljø og HMS. 

Det er 45 overlegestillingar og 16 LIS i seksjonen. Seksjon for leger er delt inn i 6 seksjonar: muskel- og skjelett, barn, nevro, gastro, uro/kar/intervensjon og thorax. Nukleærmedisin med PET senteret og brystdiagnostisk senter er organisert i egne einingar.

Vår avdelingsoverlege gjennom fleire år skal jobbe med andre oppgåver, og vi søker derfor en ny leder med solid faglig bakgrunn. Vi søker etter en avdelingsoverlege som er opptatt av leiing , forsking, samhandling og samarbeid med faggrupper internt i avdelinga og kliniske avdelingar og parter eksternt.  Du bør også vere interessert i å utnytte IKT-system til beste for pasientbehandlinga. Voss sjukehus sin røntgenavdeling  skal integrerast i ein felles radiologi-eining i Helse Bergen. Du vil få ein sentral plass i dette arbeidet. Innovasjon og leveransar innan forsking i samarbeid med UiB og forskingsmiljø i regionen er et viktig bidrag for avdelinga og avdelingsoverlegen har ein viktig rolle i dette.


Vi søker ein kollega som har visjonar for utvikling og innovasjon, kunnskap om helsepolitikk og pågangsmot til å møte de prioriteringane som er nødvendige i dagens helsevesen.  Som avdelingsoverlege vil du rapportere direkte til avdelingsdirektør Aslak Aslaksen og du blir del av leiargruppa ved Radiologisk avdeling.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for god og samlande personalleiing
  • Bidra til god samhandling innan avdelinga og med samarbeidande avdelingar
  • Være pådrivar for klinisk arbeid av høg fagleg standard og fagutvikling
  • Prioriteringsarbeid og samhandling med private kommersielle og ideelle leverandører innan radiologi
  • Medverke til effektiv bruk av avdelinga sitt PACS/RIS- system (SECTRA)
  • Delta i klinisk arbeid
  • Bidra til effektiv drift av eininga
  • Overordna ansvar for utdanning av LIS i Radiologi
  • Medansvarlig for at avdelinga når sine mål

Kvalifikasjonar

  • Norsk spesialistgodkjenning i radiologi 
  • Gjerne leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • Erfaring innan radiologi og stor interesse for å halde deg oppdatert 
  • God prosedyrekunnskap og –forståing 
  • God kunnskap om forsking og gjerne egen erfaring i forsking 
  • God kunnskap om helsetenesta

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å inspirere medarbeidarar og gjere dei gode
  • Interessere for å utvikle og utøve godt leiarskap
  • Du er opptatt av å skape eit godt arbeidsmiljø 
  • Vere motivert for fagleg utvikling og forsking
  • Vere sjølvstendig, konstruktiv og fleksibel

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling 
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter avtale
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Aslak Aslaksen
Tittel: Avdelingsdirektør
Telefon: 55 97 23 90
Arbeidssted
Radiologisk avdeling
Jonas Lies vei 65
5053 Bergen
Søk på stillingen