Kort om arbeidsgiver

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Hormonlaboratoriet, Haukeland universitetssjukehus har ledig eit 12 månadars vikariat for lege i spesialisering med oppstart 01.12.2020 eller etter nærare avtale. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Hormonlaboratoriet er eit spesiallaboratorium for hormonanalysar og er ein seksjon i Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi. Seksjonen bidrar med informasjon, rettleiing og analysar knytta til diagnostikk og oppfølging av endokrine sjukdomstilstandar i primærhelsetenesta, kliniske avdelingar og andre sjukehuslaboratorium.

Legane har det medisinsk faglege ansvaret for om lag 700.000 hormonprøvar. Laboratoriet har ein driftsseksjon og ein Seksjon for Forsking og utvikling (FoU). Legegruppa består av ein seksjonsoverlege, to overlegar som er anten spesialist i medisinsk biokjemi eller endokrinologi, samt legar i spesialisering. Vi har også ei omfattande forskingsverksemd knytt til eksternt finansierte forskingsprosjekt innan molekylærbiologi, laboratorieendokrinologi, overvekt, diabetes, brystkreft og steroidhormon. Forskingsgruppa høyrer til Hormonlaboratoriet samt Klinisk institutt 2 ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Vaktordning innanfor normal arbeidstid
  • Vurdering og kommentering av hormonanalysar og diagnostiske prosedyrar innan endokrinologi og medisinsk biokjemi
  • Konsultativ verksemd, rettleiing og rådgjeving til rekvirerande legar og andre
  • Delta i arbeid knytt til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye hormonanalysar
  • Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
  • Fordjuping og forsking innan seksjonens verksemd
  • Bidra med undervising av tilsette, studentar og ved kurs og anna etterutdanning

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i stilling i medisinsk biokjemi
  • Søkjar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det vert kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • Erfaring frå medisinsk biokjemi er ein fordel
  • Forskingserfaring er ein fordel
  • Erfaring fra klinisk spesialitet er ein fordel. 

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet og seksjonens forskingsverksemd
  • Du er resultatorientert
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
  • Du kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver
  • Du er fleksiblel

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
  • Du vil få ein overlege som rettleiar under spesialistutdanninga
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Kristin M. Aakre
Tittel: Overlege
Telefon: 55974387
E-post: kristin.moberg.aakre@helse-bergen.no
Navn: Kristin Viste
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 55977812
E-post: kristin.viste@helse-bergen.no
Arbeidssted
Laboratorieklinikken, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Hormonlaboratoriet, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen