Kort om arbeidsgiver
Poliklinikken i Volda er delt inn i 3 tverrfaglege, geografiske team som gir tilbod om utgreiing og behandling til barn i alderen 0-18 år.
Ved poliklinikken er det etablert småbarnsteam, akutt ambulant team, familieteam, traumeteam, samt at det er etablert OCD-team på tvers av poliklinikkane i Ålesund og Volda. Pasient- og pårørande-opplæring inngår også som ein sentral del av oppgåvene våre.

Poliklinikk BUP i Volda har ledig fast stilling for overlege/spesialist i barne-og ungdomspsykiatri. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og unge med psykiske lidingar
  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester, fastlegar og pårørande
  • Rettleiing av LIS
  • Deltaking i kvalitetsforbetrande arbeid
  • Deltaking i bakvaktordning etter behov/ynskje 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Norsk spesialistgodkjenning i barne og ungdomspsykiatri
  • God norsk eller nordisk språkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg  

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon
  • Gode evner til etablering av terapeutiske relasjonar
  • Innstilt på å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasienten sitt beste
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Vere personleg eigna
  • Ha ei fleksibel haldning 

Vi tilbyr

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Eit fagmiljø med engasjerte og trivelege medarbeidarar
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemsskap i god pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass i ei inkluderande arbeidslivsbedrift.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kari Standal
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70058570
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1
6100 Volda