Kort om arbeidsgiver
Norheimsund legesenter ligg sentralt plassert i Norheimsund i trivelege og moderne lokale. Det er ein 4-legepraksis som i tillegg har LIS1-lege. 

I Kvam er fastlegane næringsdrivande. Kommunen har óg to fastlønnsstillingar for legar i spesialisering (ALIS). Det er totalt 4 legekontor i kommunen. To av dei ligg i Øystese og Norheimsund og er privat drivne, medan eitt er kommunalt utekontor i Strandebarm og eitt er kommunalt kontor i Ålvik. Strukturen er til politisk vurdering i haust. Til heimelen ligg det pr i dag to praksisdagar ved Strandebarm legekontor og éin ved Norheimsund legesenter. Politisk vedtak i slutten av september kan medføra at éin praksisdag vert flytta til Norheimsund.  

Ledig liste har 900 pasientar som óg er listetaket. Praksisen er godt opparbeidd og med ein variert pasientpopulasjon. Heimelen er ledig frå 1. mars 2021 og tidlegare tiltreding kan vera aktuelt om ynskjeleg.

Arbeidsoppgåver
Kurativt legearbeid i fastlegeordninga

Legesenteret nyttar Infodoc Plenario journalsystem, Norsk Helsenett, e-resept og elektronisk kommunikasjon med andre kommunale helse og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta. Bruk av e-kontakt og timebestilling via digital dialog med fastlege på helsenorge.no. Det er lagt til rette for bruk av videokonsultasjon og oppkopling frå heimekontor mot EPJ. Kontoret er godt utstyrt med bl.a. spirometri, EKG ultralydapparat og ambulant blodtrykksmåling.

Offentlege legeoppgåver etter avtale og inntil 7,5 timar pr veke.    

Fastlegane i Kvam deltek i kommunal legevaktsordning og i interkommunal legevakt på Voss etter oppsett plan, i praksis omlag 3 vakter pr månad.


Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege, gjennomført turnusteneste og  rett til refusjon frå HELFO
Spesialist i allmennmedisin eller påbegynt spesialisering  
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Det vert lagt vekt på fagleg engasjement innan allmennmedisin
Legen må kunna ta del i interkommunal og kommunal legevakt

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tildelt heimelen må difor leggja fram politiattest av ny dato, men den skal ikkje leggjast ved søknaden.

Personlege eigenskapar
Me ynskjer ein fastlege med gode kommunikasjons- og formidlingsevne og som arbeider strukturert, effektivt og sjølvstendig
Du har ei fleksibel og positiv innstilling og kan veileda pasientar på ein god måte

Vi tilbyr
Fastlegepraksisen er veldriven og godt innarbeidd i godt tilpassa lokale i Norheimsund sentrum.

Kommunen vil leggja til rette for lege i spesialiseringsløp i allmennmedisin dersom søkjar ikkje allereie er spesialist. I tråd med regjeringa sin handlingsplan for fastlegeordninga, er hovudmodellen privat næringsdrift. Kvam herad er open for å diskutera fastløn under spesialiseringsløpet om ynskjeleg. 

Tilsetjing skjer etter fastlegeforskrifta og sentrale avtalar mellom KS og Legeforeningen. Legepraksisen skal drivast i samsvar med Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, fastlegeforskrifta og andre relevante styringsdokument. Fastlegen skal følgja dei vilkåra som går fram av sentrale avtalar i fastlegeordninga, føringar frå HELFO og lokale føringar av kommunen.

Vilkår for overtaking av praksisen må avtalast med noverande heimelshavar, i tråd med sentrale avtalar. Ein forutset at praksisen vert  vidareført i same lokale. Legepraksisen inngår i eit økonomisk og fagleg fellesskap, og heimelshavar må inngå internavtale med dei andre legane før ein kan tre inn i gruppepraksisen.

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kvam herad
Kontaktpersoner
Navn: Gudmund Øvsthus
Tittel: Fastlege
Telefon: 911 26 387
E-post: gudovs@kvam.kommune.no
Navn: Dag Erlend Skjelbreid
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 991 08 543
E-post: dask@kvam.kommune.no
Arbeidssted
Norheimsund legesenter
Sandvenvegen 35
5600 NORHEIMSUND