Kort om arbeidsgiver
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Bykle er vertskommune. Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, legevakt, fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus. Vi har tre Legekontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden med i alt 4 fastlegestillingar og 2 turnuslegestillingar. Legekontora har god dekning av hjelpepersonell, er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og laboratorium. Vi samarbeider tett med spesialisthelsetenesta gjennom bla. telemedisinske løysingar. Arbeidsoppgåvene i Bykle og Valle kommunar er varierte og utfordrande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi mange fleire i høgsesongen. 

Kommuneoverlegen er organisatorisk plassert i helsetenesta, med tenesteleiar helse som næraste overordna.


Arbeidsoppgåver
  • Ta vare på samfunnsmedisinske oppgåver: miljøretta helsevern, smittevern, psykisk helsevern, helsemessig og sosial beredskap, medisinskfagleg rådgiving jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-5, helsestatistikk og epidemiologi, kommunal planlegging og beredskap jf. folkehelselova §§ 4, 5 og 6
  • Ivaretakelse av andre oppgåver som i lovgivning er særskilt tillagt kommuneoverlegen
  • Utarbeide folkehelseoversyn og delta i kommunen sitt folkehelsearbeid
  • Delansvar i planarbeidet retta mot kommunale helsetenester
  • Bidra i samhandlinga med spesialisthelsetenesta og andre kommunale helsetenester
  • Fagansvar for fastlegeordninga og oppfølging av fastlegar i kommunen
  • Overordna ansvar for kommunen sine oppgåver i ny spesialistutdanning
  • Sakshandsaming av politiske saker innan fagfeltet
  • Delta i kommunen sin kriseberedskap
  • I stillinga inngår det opptil 40 % kommunalt legearbeid
  • Det blir tatt atterhald om endringar i arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar
  • Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
  • Relevant erfaring
  • Har fullført norsk turnus (LIS1)
  • Har fullført eller byrja på spesialistutdanning i samfunnsmedisin
  • God framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
  • Interesse og engasjement for samfunnsmedisin
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Analytisk, strukturert og evne til å tenke heilskapleg
  • Handlekraftig
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Fleksibel og oppteke av endrings- og forbetringsarbeid

Vi tilbyr
  • Spanande utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Lønn etter kvalifikasjonar/avtale
  • Tilrettelegging for spesialisering i samfunnsmedisin
  • Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Bykle kommune
Kontaktperson
Navn: Heinz Diehl
Tittel: Tenesteleiar Helse
Telefon: 41449988
Arbeidssted
Sarvsvegen 14,
4754 BYKLE