Kort om arbeidsgiver
Omtale av arbeidsstaden
Det er ledig 2 fastlegeheimlar med moglegheit for fast lønn.
Heimelane har listetak på 1150.
Legesenteret har innført e-resept og SMS timebestilling/"time same dag.
 
Gvaev legesenter har 5 fastlegeheimlar og 1 turnuslege, og dyktige og erfarne helsesekretærar.
Ein har her moglegheit for å vere med i en spenande prosess med utvikling av fastlegetenesten i kommunen, saman
med 4 engasjerte fastlegar og turnuslege.
Gvarv legesenter og Midt-Telemark kommune er i ein prosess for å flytte inn i nye og moderne lokale.
Gvarv legesenter er kommunalt drifta.
For ytterlegare informasjon om Gvar legesenter, sjå www.sauheradlegesenter.no
 
Arbeidsoppgåver
Privat allmennpraksis etter gjeldende avtaleverk, alternativt avtale om fastlønn.
Deltake i kommunens legevakt, som er eit interkommunalt samarbeid med Midt-Telemark, Notodden og Hjartdal, med
bemanna legevaktsentral på Notodden.
Ved inngåelse av privat avtale om fastlegeheimel med kommunen, vil den som mottek stillinga også forplikte seg til
offentleg legearbeid i inntil 7,5 timer per veke etter kommunalt behov.
 
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon og kjennskap til norsk helsevesen. Primært søker vi spesialist i
allmennmedisin, eller lege som er i gang med spesialisering i allmennmedisin.
God evne til bruk av norsk skriftleg og munnleg.
Erfaring fra kommunehelsetenesten og fastlegeordninga er ein fordel. 
Ved tildeling av heimel vil det leggast vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode
samarbeidsevner.
Søkjarane må ha førerkort kl B og kunne stille bil til disposisjon.
 
Særskilt for stillinga
I tråd med Helsepersonelloven vil det bli krevd politiattest.
Lønn for kommunale oppgåver og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
 
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli
offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Midt-Telemark kommune vil varsle søkjara som
har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
 
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet
 
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
 
Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du
kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg
å mellomlagre søknaden.
 
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med
kvittering om at søknaden er mottatt.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Kontaktpersoner
Navn: Jørund Verpe
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 90635444
E-post: jorve@mt.kommune.no
Navn: Kristin Sekse
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 97699207
E-post: krvi1601@mt.kommune.no
Arbeidssted
Gvarv legesenter
Gvarvgata 69
3810 GVARV
Søk på stillingen