Kort om arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for 13 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har 16 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.

Våren 2021 flyttar vi inn i nybygg ved sentralsjukehuset i Førde, med 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP. Rus døgn vil fortsatt vere på Tronvik. Med nærleik til Førde sentralsjukehus, sengepost ungdom (UPH) og Førde BUP, vil det vere mogleg å få all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde.   

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
  • Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
  • Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
  • Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Søkjar må ha førerkort i klasse B
  • Ferdig med LIS1 teneste. Søker utan LIS1, men med relevant praksis kan vurderast til vikariat

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Faglig og personlig utvikling
  • Godt utbygde IT tenester. Vi brukar pasientsystemet Dips

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Sigmund Erling Bjørhovde
Tittel: Seksjonsleiar legar
Telefon: (+47) 900 37 348
Hjemmeside
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen