Vinje helse og omsorg, Vinje legeavdeling, har ledig 100% fast stilling som fastlege frå 01.10.20 og 100% fast legestilling frå 01.10.20 - ID 1793.

Legeavdelinga i Vinje kommune har hovudkontor i Åmot med utekontor i Rauland og Edland. Stillinga kan påkrevje teneste ved utekontora. Legetenesta har seks fastlegar og ein LIS1-stilling. Det er 10 tilsette som hjelpepersonell (9 sjukepleiarar og 1 legesekretær, samt avdelingsleiar. Vinje kommune samarbeider med Tokke kommune om felles legevaktordning. Kommunen er vertskommune for Tokke-Vinje legevakt.

Legetenesta er godt innarbeidd, og med eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene vil vere fastlegearbeid, kurativ arbeid, legevaktarbeid, ø-hjelp og kommunale oppgåver som tilsynsfunksjon ved sjukeheim/institusjon, helsestasjon og veiledning for leger i spesialisering. Det er krav om å gjennomføre spesialisering i allmennmedisin.


Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • norsk autorisasjon som allmennlege
  • interesse og erfaring for distrikts- og allmennmedisin og interkommunalt helsesamarbeid
  • gode IT kunnskapar
  • gode norskkunnskapar
  • førarkort klasse B
  • ein vil vektlegge personleg egnethet
  • gode samarbeidsevner og fleksibilitet

Me kan tilby:
  • Løn etter avtale
  • Veiledning rett mot spesialisering i allmennmedisin
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode barnehagetilbod
 
Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Kenneth Haugland tlf 91864495 eller Kommuneoverlege Marius Opsahl tlf 47367248.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema. Referansenummer 1793. 


Søknadsfrist: 22.09.20
 
Velkomen som søkjar!
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Vinje kommune
Kontaktpersoner
Navn: Kenneth Haugland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 91864495
Navn: Marius Opsah
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 47367248
Arbeidssted
Vinjevegen 192
3890 VINJE