Kort om arbeidsgiver

Avdeling for kreft-, blodsjukdomar og lindrande behandling (kreftavdelinga), Førde sentralsjukehus, har følgjande stillingar ledig:

  • 2 x 100% fast stilling som Lege i spesialisering (LIS) innan onkologi. Det er ei gradvis utvikling mot sjølvstendig funksjon innan definert fagområde. 
  • Oppstart i stillinga kan skje snarast eller etter avtale.

Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftretta behandling for innbyggjarar i tidlegare Sogn og Fjordane, og består av sengepost på 13 senger, og poliklinikk. 
Avdelinga har pasientar innan fagområda onkologi, hematologi og palliasjon. Avdelinga er godkjent for spesialistutdanning innan onkologi gruppe 2-tjeneste, ca to år, måloppnåing i fylgje ny læringsordning. En har mulighet til å få tellende tjeneste ved medisinsk avdeling FSS, slik at total opptjeningstid til LIS onkologi vil da kunne være tre år ved HF.

Avdelinga har avtale med Haukeland for gruppe1-tjeneste, slik at ein då vil oppnå spesialistgodkjenning. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist 

Avdelinga har fem LIS-stillingar (to hematologi, tre onkologi). LIS inngår i 5-delt vaktplan: 16:00 - 19:00 mandag - fredag, og 09:00 - 14:00 lørdag - søndag.
Stilllinga har avdelingssjef som næraste leiar.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk og administrativt arbeid ved sengepost og poliklinikk, eks. konsultasjonar, bestilling og oppfølging av medikamentell kreftretta behandling, tilsyn og henvisningar
  • Deltaking ved tverrfaglege møter MDT  
  • Deltaking i avdelinga si vaktordning (tilstreber 5-delt vaktordning )
  • Internundervisning ved LIS-forløp

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, og gjennomført LIS1. Eventuelt i LIS1forløp med avsluttande LIS1-tjeneste vår 2021
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Jobbe sjølvstendig og i team
  • Fagleg engasjement
  • Ansvarsbevisst 
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit godt fagleg miljø 
  • Fagleg utvikling
  • Tilsettingsvilkår etter gjeldande retningslinjer, og løn i samsvar med gjeldande lover og avtaler
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Obligatoriske kurs i samsvar med utdanningsplan 
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Ingunn Solheim Terøy
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 578 39 201
Navn: Mats Holmberg
Tittel: Avd.overlege
Hjemmeside
Arbeidssted
Kreftavdelinga, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen