Kort om arbeidsgiver

Vi har ledige faste stillingar for overlege innan psykiatri.

Rehabilitering psykisk helse Hjelset har i dag 9 døgnplassar og tilbyr spesialisert utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med alvorlege psykiske lidingar. Seksjonen er i ferd med å bli ein sengepost som i hovudsak skal drive med psykosebehandling. Vi tar i mot pasientar som er dømt til behandling og vi har ROP-pasientar. Seksjonen har eit tverrfagleg fokus i møte med pasientane sine hjelpebehov. Behandling og rehabilitering skjer i nært samarbeid med kommune, ambulante tenester og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Seksjonen har to overlegestillingar, LIS, psykologspesialist, sosionom, tverrfagleg miljøpersonale, helsesekretærar, teamkoordinator og seksjonsleiar. 

Arbeidsstad vil vere på Hjelset der det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal byggast. Som tilsett hos oss vil du delta i vidareutviklinga av seksjonen. Målet vårt er å gi pasientane ei god og framtidsretta behandling og helseteneste.

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing og behandling
  • Individuell og tverrfagleg behandling 
  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse 
  • Internt samarbeid og rettleiing
  • Eksternt samarbeid og undervisning/ rettleiing  
  • Pårørandesamtalar  
  • Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak
  • Psykoedukasjon for pasientar og pårørande 
  • Deltaking i bakvaktsordning for overlegar 

Kvalifikasjonar

  • Overlege innan psykiatri 
  • Inneha norsk autorisasjon som psykiater   
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg, og ha god språkleg framstillingsevne
  • Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
  • Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innen rettleiing
  • God fysisk og psykisk helse
  • Må ha førerkort klasse B  

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
  • Du har vilje til å bidra til å styrkje eigen og andre sin kompetanse
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø 
  • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
  • Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø 
  • Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor 

 Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale 
  • Eit godt, triveleg og utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer
  • Varierte og utfordande arbeidsoppgåver innan eit fagfelt som er i utvikling
  • Studiepermisjon 4 mnd. kvart 5. år for spesialistar 
  • Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
  • Medlemsskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd

For meir informasjon om vår region, sjå Visit Nordmøre og Romsdal.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. 

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ketil Rune Kvig
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 976 65 878
E-post: Ketil.Rune.Kvig@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Rehabilitering psykisk helse Hjelset (Molde), Helse Møre og Romsdal HF
Opdølveien
6450 Hjelset