Ledig vikarstilling som fastlege ved Skjåk legesenter
Skjåk kommune har ledig ei vikarstilling som fastlege frå 01.10.2020 til 01.09.2021. Fastlegeheimelen har for tida, i tillegg til ansvar for om lag 700 listepasientar og akutthjelp på dagtid frå legekontoret, andre kommunale oppgåver etter nærare avtale.

Krav til kompetanse
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført norsk turnusteneste
  • Gode faglege kvalifikasjonar, evne til samarbeid og samhandling
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Det er ein føresetnad at søkjar meistrar norsk språk godt, både skriftleg og munnleg
  • Søkjar må ha førarkort
  • Ved tilsetting blir det lagt vekt på personlege eigneskapar
  • Politiattest ikkje eldre enn 3 månader
Vi tilbyr
  • Tilsetting på kommunale vilkår med fastløn etter avtale
  • Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
  • Pensjonsordning i KLP
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
For nærare opplysingar, ta kontakt med kommuneoverlege Sondre Bøye, 48294126, eller konstituert kommunalsjef for helse og omsorg Inger Helene Brandsar, 90123165.
Søknadsfrist 30.09.2020 Kommunedirektøren
Stillingskategori
Offentlig lege
Arbeidsgiver
Skjåk kommune
Kontaktperson
Navn: Inger Helene Brandsar
Tittel: Konstituert kommunalsjef for helse og omsorg
Telefon: 90123165
E-post: inbr@skjaak.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: Ledig vikariat fastlege
Arbeidssted
Skjåk legekontor
Moavegen 30
2690 SKJÅK
Søk på stillingen