Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig to faste stillingar som lege i spesialisering i Fysikalsk medisin og rehabilitering.

Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i Fysikalsk medisin og rehabilitering. Spesialistutdanninga vil gå føre seg i Avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering (Rehabiliteringsklinikken, Nordåsgrenda 4), inklusiv 1-års teneste ("sideutdanning") ved Revmatologisk avdeling (stilling nr 1) / Nevrologisk avdeling (stilling nr 2), Haukeland universitetssjukehus.

Etter fullført spesialisering, vil stillingane bli omgjort til stilling som legespesialist.

Avdelinga gir tilbod til pasientar med fysikalsk medisinske problemstillingar og/eller samansette rehabiliteringsbehov etter sjukdom eller skade. Avdelinga har to sengepostar og ein omfattande poliklinikk. Vi organiserer arbeidet i tverrfaglege team som samarbeider nært med pasient og pårørande.

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i dagleg drift av sengepostane, i den polikliniske verksemda og i dei ulike øvrige aktivitetane og rutinane i avdelinga
  • Deltaking i vaktordning, for tida 13-delt 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og godkjend turnusteneste/LIS1 eller teneste som etter gjeldande regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS2/3-stilling i Fysikalsk medisin og rehabilitering
  • Relevant arbeidserfaring innanfor spesialiteten Fysikalsk medisin og rehabilitering
  • Andre kvalifikasjonar med mogleg betydning for utforming av vår framtidige rehabiliteringsteneste kan vere relevante
  • Må meistre norsk skiftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne 
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar, faglege referansar og samarbeidsevne 

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til pasientar og andre samarbeidspartnarer
  • Du har evne til å sjå utfordringar og å finne løysingar 

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå  
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Matthias Hutler
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 97585680
Arbeidssted
ReHabiliteringsklinikken/ Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Helse Bergen
Nordåsgrenda 4
5235 Rådal