Kort om arbeidsgiver
Me søkjer etter to fastlegar til kommunale stillingar ved Kvernaland legesenter. Stillingstørrelse er 100% og fast tilsetting. Det er ein fastlege, spesialist i allmennmedisin, frå før saman med hjelpepersonell. Personlege eigenskapar blir vektlagde, mellom anna evner til å samarbeida internt på senteret og bidra til godt arbeidsmiljø. Oppstart kan vere mogleg frå 1.12.20 eller etter avtale.


Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil omfatta oppfølging av listepasientar, listestørrelse per i dag er ca. 750 personar, i tillegg til anna kommunalt arbeid på dagtid etter behov og nærare avtale.
Legevakt: 32-delt ved Klepp og Time legevakt kl. 15–23 kvardagar og i tidsrommet 08–23 i helger. Nattevakter ved interkommunal legevakt på Sandnes, ca. 60-delt kl 23–08. Tilsetting med fast lønn etter eigen avtale.

Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon og gjennomført LIS1-teneste.  
Det er ønskeleg med erfaring frå allmennpraksis, med påbegynt spesialisering eller godkjend spesialist i allmennmedisin. Erfaring frå anna relevant arbeid etter LIS1-teneste kan òg vera ein fordel.

Personlege eigenskapar
Gode språkferdigheiter i norsk, munnleg og skriftleg.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.  
God til å arbeida strukturert og sjølvstendig.

Deltar i vidare utvikling av legesenteret og bidrar til godt arbeidsmiljø.

Andre krav:
Politiattest, ikkje eldre enn tre månadar.  
Førarkort for personbil.

Me tilbyr
Tilrettelegging for spesialisering.
Lønn og provisjon av inntekter etter avtale. Pensjonsordningar i KLP og forsikringar i tråd med kommunen sine avtalar. 

Eit legesenter i utvikling. Kvernaland legesenter ligg sentralt plassert på Kvernaland ca. ei mil aust for Bryne. Legesenteret ligg i moderne og funksjonelle lokale og er velutstyrt med eiga skiftestove og laboratorium. Det er to andre legesenter på Bryne og eit godt fagleg miljø med fast internundervisning for alle legane.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Time kommune
Kontaktpersoner
Navn: Øystein Fjetland Øgaard
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 51 77 62 39
Navn: Heidi Garborg
Tittel: Virksemdleiar
Telefon: 993 15 148
Hjemmeside
Arbeidssted
arne garborgsveg
4340 BRYNE