Kort om arbeidsgiver
Om stillinga 
Vi søkjer etter ein samfunnsengasjert lege som ønskjer å nytta fagkunnskap og kompetanse til å trygga velferdstenestene i fylket.
Vi jobbar på oppdrag frå mellom anna Helsedirektoratet og Statens Helsetilsyn. 

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ledig eit 1 års vikariat som assisterande fylkeslege.

Arbeidsoppgåver
Stillinga har eit variert innhald, med hovudvekt på handsaming av klage- og tilsynssaker, helsekravsaker for førarkort og offshore, dessutan rådgiving overfor helsetenesta og helsepersonell i fylket.

Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer etter ein lege med erfaring frå klinisk og samfunnsmedisinsk arbeid.  Erfaring frå arbeid som fastlege og/eller kommuneoverlege vil vera ein fordel.

Du må ha medisinsk embetseksamen/master i medisin og vere autorisert som lege.

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som
  • har evne til å skape kontakt og tillit
  • er fleksibel, systematisk og initiativrik
  • arbeider godt så vel åleine som i lag med andre
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg, på begge målformer
Teneste som assisterande fylkeslege vert rekna inntil fire år som teljande for spesialiteten samfunns medisin og som sideutdanning for andre
spesialitetar. Det blir lagt til rette for deltaking i spesialistutdanninga i samfunns medisin.
 
Vi tilbyr
  • lønn som assisterande fylkeslege, kr 779 000 - 995 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • varierte, interessante og krevjande oppgåver
  • samarbeid om god oppgåveløysing med høgt kompetente medarbeidarar i avdelinga og i embetet
  • triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal være personar med nedsett funksjonsevne
eller hull i CV-en.

Det kan og vere aktuelt med tilsetjing i deltidsstilling, dersom du ønskjer dette.

Spørsmål om stillinga
Nærare opplysningar om stillinga kan du få av fylkeslege Janne Dahle-Melhus, tlf. 51568760, fmrojdm@fylkesmannen.no
Stillingskategori
Offentlig lege
Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Rogaland
Hjemmeside
Arbeidssted
Stavanger
Lagårdsveien 44
4010 STAVANGER