Kort om arbeidsgiver
Ønsker du å bidra til betre pasienttryggleik? Statens helsetilsyn kan tilby spennande og meiningsfulle oppgåver med faglege problemstillingar i nært samarbeid med kollegaer med bl.a. helsefaglig, juridisk og samfunnsvitarkompetanse. Du vil få anledning til å jobbe på tvers i organisasjonen, og bli godt kjent med de ulike avdelingane, fagmiljøa og det viktige samfunnsansvaret til Statens helsetilsyn. 

Vi har no ledig ei fast stilling som lege som for tida er plassert i avdeling for varsel og operativt tilsyn. Avdelinga tek imot varsel om alvorlege hendingar frå heile landet og undersøker desse hendingane på ulike måtar. 

Varselordninga omfattar alle som yter helse- og omsorgsteneste, både spesialisthelseteneste, kommunal helse- og omsorgsteneste, og private aktørar. Varselordninga omfattar og varsel frå pasient/brukar og pårørande. Vidareutvikling av samhandlinga med fylkesmannen vil inngå i stillinga, og å understøtte verksemdene sitt ansvar for forsvarlege tenester og pasienttryggleiksarbeid. 

Vi ser spesielt etter deg som er opptatt av fagleg utvikling og forsking, og som er fleksibel og målorientert med stor arbeidskapasitet.

Arbeidsoppgaver:
  • Handtering av varsel om alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesten
  • Vere med på å utvekle varselordninga
  • Gjere helsefaglege vurderinger i tilsynssaker
  • Bidra i vidareutvekling av metodar for tilsyn
  • Informasjon og rådgjeving til pasientar, brukare, pårørande og helse- og omsorgstenesten
  • Foredrag og anna utadretta verksemd
  • Oppsummering og formidling av erfaringar frå tilsyn
Kvalifikasjoner

Naudsynte kvalifikasjonar:
  • Spesialistgodkjenning og klinisk erfaring frå somatisk spesialisthelseteneste. Lege med indremedisinsk erfaring og spesialitet vil bli foretrukket.
  • Brei og/eller lang erfaring fra spesialisthelsetjenesten; fortrinnsvis frå medisinske avdelinger
Ønskte kvalifikasjonar:
  •  Erfaring med arbeid med pasienttryggleiks- og kvalitetsarbeid
  • Erfaring med leiing
  • Erfaring med forsking
  • Erfaring med tilsyn og tilsynsarbeid
  • Erfaring med kommunehelseteneste, gjerne spesialisering i allmennmedisin eventuelt i kombinasjon med samfunnsmedisin
  • Erfaring med offentleg forvalting
Personlige egenskaper:
  • Stor arbeidskapasitet med evne til framdrift og gjennomføring
  • Fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • Strukturert
  • Målorientert
  • Gode analytiske eigenskaper
Vi tilbyr:

Løn etter avtale. Frå løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Statens helsetilsyn har sentrale lokale i Oslo med eiga kantine, eiga sykkelgarasje med tilhørande garderobe og trimrom som det er høve til å nytte ein time per veke i arbeidstida. Statens helsetilsyn har
fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten).

Den statlege arbeidsstokken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn, og at det blir lagt til rette
for personar med nedsett funksjonsevne. Statens helsetilsyn er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA).

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Originalar/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli ført opp på
søkarlista jf. offentleglova § 25.
Stillingskategori
Rådgiver
Arbeidsgiver
Statens helsetilsyn
Avdeling for varsler og operativt tilsyn
Kontaktpersoner
Navn: Bjørn Øglænd
Tittel: fagsjef
Telefon: 21529864
E-post: bjo@helsetilsynet.no
Navn: Mona Kaasa
Tittel: fung. avdelingsdirektør
Telefon: 21529947
E-post: mok@helsetilsynet.no
Søknad
Søknad merkes: 2020/16
Arbeidssted
Møllergata 24
0179 OSLO