Kort om stillinga
Det er for tida ledig fastløna fastlegevikariat 100 % frå 01.10.2020 til 30.09.2021 ved Frekhaug legesenter. Grunna usikker situasjon med covid-19, kan det bli aktuelt å leggje andre arbeidsoppgåver og arbeidslokalisasjonar til denne stillinga i Alver kommune.

Om Frekhaug legesenter
Frekhaug legesenter er eit kommunalt fastlegekontor i Alver kommune. Legesenteret har i alt 6 fastlegar og 1 LIS1 lege.

Arbeidsoppgåver
Du vil ha listeansvar for om lag 1000 listepasientar, og offentleg legearbeid inntil 1 dag pr veke. Akuttvaktordning internt på Frekhaug i rotasjon mellom legane på kontoret. Du bør vere vaktkompetent, og delta i interkommunal legevakt (Nordhordland legevakt).

Kompetanse
Krav til kompetanse
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
Evne til samarbeid vert tillagd avgjerande vekt.

Vi tilbyr
Eit travelt og  triveleg arbeidsmiljø med hyggelege pasientar og gode kollegaer.
Pensjonsordning gjennom KLP.

Politiattest
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktperson
Navn: Bente Karin Bø Taule
Telefon: +47 47459725
Arbeidssted
Frekhaug legesenter
Havnevegen 41B
5918 FREKHAUG