Fastlege i helsekommunen Ål
 
Det er ledig 1 heimel som fastlege i Ål Kommune. Legane i Ål Kommune driv privat praksis i eit samla kommunalt legekontor med 7 legar pluss LIS 1 lege. Det er etter nærare avtale mogeleg å knytte heimelen både til fast løn og til privat praksis.
 
Det vert arbeidd med å få etablert utdanningsstilling for allmennlegar i Hallingdal, dette i samarbeid med Hallingdal Sjukestugu. Ål Kommune er registrert som utdanningsvirksomheit, har veiledar for LIS 2 og 3 i legekollegiet, og vil legge til rette for oppfølging av utdanningsplan i spesialistutdanning til spesialist i allmennmedisin.
 
Legane ved Ål Legekontor har ei gunstig fastlegeavtale der legane leiger kontor, personell og utstyr frå kommunen. Legekontoret har for tida sjukepleiarar i alle medarbeidarstillingar. Det er i dag legevaktsamarbeid med nabokommunen Hol, og felles nattlegevakt for Hallingdal med base på Ål, og med Ål som driftsansvarleg kommune.
 
På vanleg måte kan fastlegane tilpliktast inntil 20% offentleg legearbeid. Fordeling på dei ulike oppgåvene skjer i samarbeid mellom legane og kommunen.
 
Heimelen har pr i dag listetak på 600 pasientar, men dette kan forhandlast om dersom det er ønskjeleg med høgare listetal. I kommunen tilsvarar 810 pasientar ei full liste.

Heimelen kan også kombinerast med 20 % stilling som kommuneoverlege.
 
Kvalifikasjonar
  • Lege med norsk autorisasjon
  • Spesialist i allmennmedisin, eventuelt under spesialistutdanning
  • God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
  • Det er ynskjelig med sjølvstendig vaktkompetanse
 
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner med kollegaer og medarbeidarar
  • Gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og samarbeidspartar
  • Personleg eigna som fastlege og som kollega
  • Det vert lagt vekt på fagleg dyktigheit, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet
  • Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid og vilje til tverrfagleg samarbeid
 
Andre krav
Søkar må slutte seg til interne arbeidsavtaler ved kontoret på lik linje med dei andre legane. Det er krav om politiattest.
Det vil bli innhenta referansar.
 
Andre opplysningar
Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ål kommune
Kontaktpersoner
Navn: Borghild Ulshagen
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 992 87 898
E-post: borghild.ulshagen@aal.kommune.no
Navn: Anne Hefte
Tittel: Avdelingsleiar for legetenesta
Telefon: 95529755
E-post: anne.hefte@aal.kommune.no
Navn: Marianne Lerberg
Tittel: Kommunelege - fagleg leiar
Telefon: 32085350
E-post: marianne.lerberg@aal.kommune.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Ål legekontor
Helsetunvegen
3570 ÅL
Søk på stillingen