Kort om arbeidsgiver
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i medisin (farmakologi). 
Stillinga skal vere knytt til ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved instituttet. 
 
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
  • Den som skal tilsetjast skal arbeide med eksperimentell forsking knytt til legemiddel- og farmakologiske problemstillingar i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking som er knytt til farmakologi, t.d. legemiddelanalysar, legemiddelutvikling, eller in silico forskingsmetodar. 
  • Den som vert tilsett skal undervise i farmakologi for legestudentar og eventuelt studentar innanfor andre studieretningar, inklusive farmasi.  
  • Det kan også vere aktuelt med undervisning av studentar i relaterte fag og lågare grad. 
  • Den som vert tilsett må kunne ta på seg administrative oppgåver. 
Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse i  farmakologi, eller innan andre relevante fagområde. 
  • Det er ønskeleg med grunnutdanning innan medisin (autorisasjon som lege).
  • Spesialisering innan klinisk farmakologi er ei føremon.
  • Kandidatar med grunnutdanning innan kjemi, molekylærbiologi, biokjemi og tilstøytande fag vil òg verte vurderte. 
  • Den tilsette skal arbeide med utvikling og gjennomføring av forskingsprosjekt i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking innan relevante felt.  
  • Personen bør ha fagleg kompetanse/interesse som utfyller eksisterande forskingsfelt i gruppa, t.d. innanfor legemiddelanalysar, LC-MS/MS-analytikk, relevante molekylærbiologiske, biokjemiske metodar eller in silico-metodar, datamodellering og/eller matematiske modellar, som er relatert til problemstillingar innan farmakokinetikk, legemiddelanalyse, eller legemiddelutvikling.  
  • Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.  
  • Det vil bli lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt.  
  • Det vil bli lagt vekt på evne til å henta inn eksterne forskingsmiddel.
  • Den som vert tilsett må dokumentera relevant utdanning, faglege og pedagogiske kunnskapar for undervisning i farmakologi for legestudentar og eventuelt studentar innanfor andre studieretningar, som farmasi.  
  • I tillegg må den som vert tilsett ha utdanning, faglege og pedagogiske kunnskapar for undervisning av studentar i relaterte fag og lågare grad. 
  • Erfaring med rettleiing av master- og PhD-studentar er ei føremon.
Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, ref. Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse  ved UiB. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom krava ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Vi tilbyr:
  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt  
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling 
  • løn etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr  594 400-691 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn 
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
  • CV 
  • vitnemål og attestar 
  • fullstendig publikasjonsliste 
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring 
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde 
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg 
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).  

Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Silje Skrede, silje.skrede@uib.no 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.
Stillingskategori
Universitetsstillinger
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Kontaktperson
Navn: Silje Skrede
Tittel: Professor
E-post: silje.skrede@uib.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Klinikk institutt 2
Jonas Lies veg 87
5021 BERGEN