Legetenesta i Ullensvang kommune har ledig ein fastlegeheimel og eit års vikariat i ein fastlegeheimel ved Odda legesenter
 
Ullensvang kommune har rundt 11 000 innbyggarar med 5  senter Odda, Røldal, Kinsarvik, Utne og Jondal. Vi har gode muligheter for friluftsliv og naturopplevelsar både sommar og vinter, med Folgefonna og Hardangervidda innan kort rekkevidde. Trolltunga, Låtefoss, Folgefonna med Buerbreen og Dronningstien er kjente turistattraksjonar. Kommunen er vertskommune for sjukehus og vidaregåande skule. vi har god barnehagedekning og skulefritidsordning. 
 
I den nye kommunen har vi 16 fastlegeheimlar fordelt på 4 legekontor.
 
Odda Legesenter har 9 fastlegeheimlar samt et Utekontor Røldal
Utne Legekontor har 2 fastlegeheimlar
Lofthus Legekontor har 3 fastlegeheimlar
Jondal Legekontor har 2 fastlegeheimlar
 
Kommunen har i dag 3 LIS 1 legar som har kontorstad ved Odda Legesenter, Utne Legekontor og Jondal legekontor 
 
Odda Legesenter er eit forholdsvis nytt legesenter med 9 fastlegeheimlar. Alle 9 heimlane er bemanna med faste legar. Det er blanding av nye unge legar og legar med erfaring. Det er både private fastlegar med kommunal avtale og legar som er kommunalt ansatt.  I løpet av 2021 skal det opnast eit helsehus i kommunen, og Odda legesenter vi bli ein del av detta.
 
Kommunen er registrert som utdanningsinstitusjon og har erfaring med å organisere spesialistutdanning. Kommunen har sidan hausten 2017 deltatt i ALIS VEST prosjektet med 2 legar.
 
Som fastlege i kommunen kan det tilpliktast kommunale offentlege oppgåver inntil 
7,5 timer/veke.
 
Som fastlege i kommunen må arbeid ved Ullensvang legevakt påreknast. Her er i dag 16 delt vakt. Ullensvang legevakt er ein av tre legevaktstasjonar i Hardanger og Voss legevaktdistrikt. Legevakten er lokalisert på  Odda sjukehus.
 
Søkaren må ha:
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Mestre norsk språk skriftleg og muntleg
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Personleg eigenskap vil bli vektlagt.
  • Det må framleggast politiattest før tilsetting.
 
Kommunen kan tilby:
  • Høgt fagleg nivå på tenesten
  • Organisere spesialistutdanning innan allmennmedisin
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • God barnehagedekning
  • Hjelp til å skaffe bustad
 
Søknadsfrist 06.09.20

For mer informasjon om stillingene kontakt Verksemdsleiar Therese Kolltveit therese.kolltveit@ullensvang.kommune.no tlf 915 66 097 eller Kommuneoverlege Daniela Brühl daniela.bruhl@ullensvang.kommune.no tlf 902 25 821


Les mer om kommunen: www.ullensvang.kommune.no 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune
Kontaktpersoner
Navn: Therese Kolltveit
Tittel: Verksemdsleiar
Telefon: 915 66 097
E-post: therese.kolltveit@ullensvang.kommune.no
Navn: Daniela Brühl
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 902 25 821
E-post: daniela.bruhl@ullensvang.kommune.no
Arbeidssted
Røldalsvegen 34
5750 ODDA