Kort om arbeidsgiver
Sykkylven kommune har to ledige fastlegestillingar/avtaleheimlar som fastlege. Stillingane/heimlane har i utgangspunktet 1000 listepasientar, men listelengd kan diskuterast.

Driftsform – næringsdrivande eller kommunalt tilsett – vil kunne avtalast med den som får stillinga/heimelen.

Arbeidsstad
Kontorstad er Sykkylven Legetjenester AS. Dette er for tida eit privat eigd og drive legesenter, men Sykkylven kommune skal overta legesenteret innan 1.7.2021. Ved driftsform som næringsdrivande må dei som får tildelt heimlane inngå leigekontrakt med Sykkylven Legetjenester AS. Det er for tida 6 fastlegeheimlar ved kontoret, 5,7 årsverk helsepersonell og eige laboratorie.
Senteret er lokalisert sentralt og ligg like ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter, BUAS. Legesenteret er godt utstyrt, nyttar WinMed3 journalsystem og er knytt opp mot Norsk Helsenett.

Spesielle krav til stillinga
I samsvar med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest av ny dato, ikkje eldre enn ein - 1 - månad.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er knytt til fastlegepraksis, deltaking i legevakt og kan påleggjast offentlege allmennmedisinske oppgåver i samsvar med sentrale føringar i lover, føresegner og sentrale avtalar.
Etter 30.06.2021 er vidare organisering av legevakt uavklara, men vi arbeider med å få til låg vaktbelastning.

Kvalifikasjonar
  • Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon
  • Krav om gjennomført LIS 1 som gir rett til refusjonar frå HELFO
  • Kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og helsearbeid.
  • Kommunen vil prioritere søkjarar som har spesialitet i allmennmedisin eller er under spesialisering. Kommunen vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin dersom dette manglar.
  • Søkjar må ha gyldig førarkort klasse B. 
Personlege eigenskapar
  • Vi søkjer tolmodige og empatiske fastlegar som har stor respekt for pasientane og deira rettar og behov.
  • Gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons- og framstillingsevner.
  • Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
  • Personlege eigenskapar vil verte særleg vektlagt.
Vi tilbyr
  • Fast stilling/ avtaleheimlane er ledige frå 07.09.2020.
  • For kommunal tilsetting kan vi tilby:
    • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
    • Gode lønnsvilkår
    • Obligatorisk tenestepensjonsordning
    • Gunstige låneordningar
    • Gode forsikringsordningar
  • Når det gjeld næringsdrivande vil avtaleheimelen og tildelingsprosessen verte regulert av til kvar tid gjeldande lover, føresegner, avtaleverk og lokale avtalar (rammeavtalane ASA 4310 og ASA 4301, kommuneavtalen SFS 2305 og den individuelle avtalen som blir inngått med kommunen).
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Kontaktperson
Navn: Margit Aure Overå
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 91898751
E-post: margit.aure.overa@sykkylven.kommune.no
Arbeidssted
Sykkylven Legetjenester AS
Haugbukta 20
6230 SYKKYLVEN