Kort om arbeidsgiver

Ortopedisk avdeling i Helse Førde har ledig vikariat for LIS3 frå september og fram til 31.12.2020. Tilsetting: snarast.

Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde. Avdelinga har aktivitet ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Eid. LIS3 må basere seg på ein del reiseaktivitet/ambulering til dei ulike sjukehusa.

Ved Lærdal sjukehus føregår det i all hovudsak elektiv ortopedi, innan kne, fot, hofte og skulderkirurgi.
På Eid har vi dagkirurgi og skadepoliklinikk.

Førde sentralsjukehus har tilbod innan følgjande område:
• Traumatologi
• Handkirurgi
• Skulderkirurgi
• Protesekirurgi – hofte, kne, skulder
• Fotkirurgi

Avdelinga i Førde har 11 overlegestillingar, 7 LIS3 stillingar og 6 LIS1 stillingar. Vi har døgnavdeling med 31 senger i Førde og 18 senger i Lærdal .

For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Sengepostarbeid, poliklinikk og operativ aktivitet
  • Internundervisning, vegleiing av turnuslege i vakt m.m.
  • Vegleiing av - og kommunikasjon med 1. linjetenesta
  • Rettleiing av turnuslegar
  • Vaktarbeid 7-delt turnus

Kvalifikasjonar

  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell) 
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Må vere ferdig med turnusteneste og ha interesse for fagfeltet
  • Erfaring innan fagfeltet vert vektlagt
  • Erfaring som LIS vert vektlagt
  • Utdanningsretning: Medisin
  • Utdanningnivå: Profesjonsstudium  

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å kommunisere og samarbeide
  • Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Pasienten i fokus
  • Fagleg engasjert
  • Strukturert i forhold til eigne arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Kari Anne Indrebø
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 918 67 566
Navn: Bernt Johan Marskar
Tittel: Overlege
Telefon: (+47) 411 08 094
Hjemmeside
Arbeidssted
Ortopedisk avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde