Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig fast stilling for overlege i psykiatri ved  Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda.

Avdeling for distriktspsykiatriske senter er ei av fem avdelingar i klinikk for psykisk helse og rus. DPS Volda Ambulant, er ein av sju seksjonar i avdelinga DPS Sunnmøre. Avdelinga tilbyr desentraliserte tilgjengelege og samenhengande spesialisthelsetenester.

I samarbeid med kommune på Sunnmøre som er vår avdeling sitt opptaksområde vil vi arbeide for at menneske med psykiske lidingar skal kunne leve eit mest mogleg normalt liv, prega av deltaking, uavhengigheit og evne til å meistre eige liv. 

Dette inneber tilgjengelege tenester for befolkninga og stor grad av
brukarmedverknad. I avdelinga er det eit tett samarbeid mellom seksjonane, med
høve til fagleg utvikling og variert klinisk arbeid for medarbeidarane.

 DPS Ambulant team søre er delt i tre team, eit Akutteam,  ACT team og eit ambulant allmenn team. Alle  Ambulant team i vår seksjon tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling i pasienten sitt
heimemiljø.

Vi gir tilbod til pasientar med psykoselidingar, angst, depresjon, traume- og
personlegdomsproblematikk m.m.

Vi har sju samarbeidskommunar med til saman ca 50 tusen innbyggjarar. Pasientane
blir søkt inn frå fastlege, legevakt eller overført frå andre seksjonar i klinikken. Vi
har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga i samarbeid med pasienten.

 Overlegestillinga vi søkjer etter er knytt opp til Akutt teamet. 

Akutt heimebehandlingsteam (AHT) er ein del av spesialisthelsetenesta sitt akuttpsykiatriske tilbod for vaksne. Teamet er lokalisert i Myrvåg. AHT er tverrprofesjonelt sett saman av psykiatrisk hjelpepleiar, ergoterapeut med vidareutdanning og sjukepleiarar, dei fleste med vidareutdanning. I tillegg har teamet ein psykiater i 100 % stilling. AHT er eit frivillig behandlingstilbod der heimebehandling kan vere eit alternativ til akuttinnleggelse i psykiatrisk avdeling.  Brukarperspektivet står sterkt når ein får behandle pasientar i heimemiljøet. Ettersom psykiske kriser kan oppstå som følge av ein kombinasjon av medisinske, sosiale og miljømessige faktorar, får ein god oversikt over dette når ein behandlar pasienten i heimen. Pasientane blir henvist frå legevakt, fastlege, kommunale tenester eller overført frå andre seksjonar i klinikken. AHT skal vurdere pasienten innen fire timar etter mottatt henvisning.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar og rusavhengigheit
  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester, fastlegar og pårørande
  • Mogleg for rettleiing og supervisjon av LIS
  • Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid
  • Deltaking i bakvaktordning etter behov og ønskje

Kvalifikasjonar

  • Overlege psykiatri

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon
  • Gode evner til etablering av terapeutiske relasjonar, Innstilt på å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasientens beste
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • God norsk eller nordisk språkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg
  • Vere personlig eigna
  • Ha ei fleksibel haldning

Vi tilbyr

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Engasjert fagmiljø med variert og bra tilbud av ambulante tenester
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd 
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ottar Eiksund Røyset
Tittel: Seksjonleiar
Telefon: 97797373
E-post: Ottar.E.Royset@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda (Akutt oppf. team), Helse Møre og Romsdal HF
Dragsundvegen 11
6080 Gurskøy
Søk på stillingen