Kort om arbeidsgiver
Beskrivelse
Ein av våre fastleger skal arbeide eitt år i spesialisthelsetenesta og da får vi behov for vikar for fastlege i tida 01.10.2020 - 30.09.2021.

Vinstra legekontor har sju fastlegeheimlar og turnuslege. Vi har interkommunal kommuneoverlegeordning med nabokommunar, i tillegg til eigen heiltidstilsett sjukeheimslege. Kontoret held til i nyoppussa og moderne lokal. Vi har ledig 100% vikariat i fastlegeheimel. Kontoret har moderne utstyr og godt kvalifisert hjelpepersonell. System-X som journalsystem. Det er faste legemøter kvar veke og elles eit godt samarbeid med øvrige kommunale tenester.
Næraste sjukehus er Lillehammer litt over en time kjøring unna.

Stillinga lyses ut som privat heimel med såkalla nullavtale. Listetak for vikariatet er 800 pasientar.

Det er tilplikta deltaking i legevaktordning med lokal legevakt for Nord-Fron og Sør-Fron kommunar på Vinstra på dagtid fram til kl. 23 for ca. 9000 innbyggjarar - ca. 3 vakter i månaden. På natt er det legevakt på Lillehammer for ca. 60 000 innbyggjarar - ca. 3 - 4 vakter i halvåret.

Vi kan tilby
- Fleksibel arbeidstidsordning og praksisorganisering med stor friheit for organisering av eigen praksis.
- Interessant arbeidsmiljø med stor grad av tverrfagleg samarbeid med ulike fagtenester i kommunen.
- Kommunalt driftsansvar for lokalane og hjelpepersonell.
- Kommunen gir støtte til kurs og vidareutdanning.
- Kommunen kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad.

Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og gjennomført LIS-1/turnusteneste.
- Gode samarbeidsevner.
- Interesse for allmennmedisin.
- Du beherskar norsk språk både munnleg og skriftleg.

Føresetnader / vilkår
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
- Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon

Søknaden sendes
Gå inn på www.nord-fron.kommune.no for fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknadsskjema. Alle søknader på ledige stillinger skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikke sendes som e-post.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Nord-Fron kommune
Kontaktpersoner
Navn: Bente Joten Skog
Tittel: Sektorsjef
Telefon: 477 51 541
E-post: Bente.Joten.Skog@nord-fron.kommune.no
Navn: Anders Brabrand
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 990 45 124
E-post: Anders.brabrand@nord-fron.kommune.no
Arbeidssted
Vinstra legekontor
Nordre Byre 21
2640 VINSTRA