Kort om arbeidsgiver
Kommunen har ledig 100% vikariat allmennlegestilling

Bjørnafjorden kommune har ledig 100% vikariat allmennlegestilling i frå 20.8.20 – 28.2.21. Stillinga er fordelt mellom 90% fastlege og 10% helsestasjonslege, og kan frå 2021 innbefatte arbeid også på sjukeheimen i kommuna. Stillinga er fastløna.

Moberg legesenter er i dag ein fire-legepraksis pluss turnuslege. Fastlegeheimelen har listetak på 800 pasientar. Kontoret ligg i same bygg som Moberg legevakt, Bjørnafjorden brann og redning og ambulansestasjon frå Helse Bergen. Kommuneoverlegen har kontor i same lokale og står for rettleiing av turnuslege, og kan også vere rettleiar/mentor.

Arbeidet som helsestasjonslege omfattar undersøkingar på helsestasjon, helsestasjon for ungdom og arbeid som skulelege.

Arbeidsstad: Eining legetenester

Moberg legesenter: Legesenteret held til i romslege, lyse lokale. Bygget er berre fem år gamalt. Lokala har m.a. akuttstove, sårstove og legekontor utstyrt med GU-benk. Stort lunsjrom med fullt kjøkken, som vi deler med personale frå brannvesenet. Legesenteret har også fleire lokale møterom. Legesenteret har ein legesekretær i 100 % stilling, og ein legevaktsjukepleiar som deltar i drift av legekontoret. Legesenteret nyttar journalsystemet Infodoc. Der er Norsk HelseNett, NEL-tilgang og tilgang til Bliksund.Legesenteret har laboratorium med Spirometri, EKG og 24 t BT kopla opp mot epj. Vidare HbA1c, CRP, INR og diverse elektronisk rekvisisjon av prøvar. Utstyr til cryobehandling. På grunn av samlokalisering med legevakt, er legesenteret også fullt utstyr med akuttmedisinsk utstyr og eit rikhaldig medisinlager.

Kvalifikasjonar
- Vi søker etter lege med engasjement og entusiasme.
- Erfaring frå allmennpraksis og påbegynt eller fullført spesialistutdanning vil vera ein fordel
- Søkarar må ha norsk autorisasjon. Fordel, men ikkje krav om fullført LIS1 og meistre norsk godt skriftleg og munnleg.
- Vi stiller krav om politiattest i tråd med reglane i helsepersonellova.
- Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr
-Fastlønn.
-Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
-Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Tilsetjing av allmennlegestillinga skjer etter gjeldande avtaleverk. Du må ta del i legevakt i tråd med sentrale avtalar. Vi har avtale om legevakt på dagtid og pliktig deltaking i minimum 20-delt legevaktordning.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Søknad
Send søknad elektronisk. Du må òg fylle ut og legge ved søknadsblankett for legestillingar. Søknadsblanketten finn du på Legeforeningen sine nettsider: https://legeforeningen.no/Om-Legeforeningen/Skjema/Stilling/ Send den ferdigutfylte blanketten som eit elektronisk vedlegg til søknaden din eller per post til Bjørnafjorden kommune, Personalavdelinga, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen.
Vi ber om at du legg fram attestar og vitnemål ved eit eventuelt intervju.

Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktperson
Navn: Jonas Nordvik Dale
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 994 86 367
E-post: joda@bjornafjorden.kommune.no
Arbeidssted
,
5200 OS
Søk på stillingen