Kort om arbeidsgiver
Ynskjer du å arbeide som fastlege i ein av Vest Telemark finaste kommunar?
På Kviteseid legekontor har me ledig stilling som fastlege. Legekontoret er ein del av Kviteseid helsesenter og knytt til helsestasjon, fysioterapi og psykisk helse og rustenesta. Som fastlege i kommunen vår jobbar du tett saman med andre kollegaer i kommunens helse- og omsorgstenester. Me trur at tett tverrfagleg samarbeid gjev oss eit rom for ein unik nærleik til brukarane våre.
På legekontoret blir du ein av tre fastlegar, i tillegg til ein LIS1. Me har fem kontortilsette og er ein arbeidsplass med god takhøgde og mykje humor.
Arbeidsoppgåver:
- Kurativt legearbeid inkludert helsestasjonsarbeid
- Pasientkonsultasjonar med listetak på 900
- Vakter i interkommunal legevaktsordning. 10 delt vaktordning med vaktslutt kl 23:00
- Samarbeid med andre faggrupper i kommunen si helseteneste
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege. Fullført LIS1
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- Må ha førarkort og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel og erfaring med å takle akutte situasjonar
- Positiv innstilling og fagleg engasjement
Me tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
- Fastløn etter avtale og kvalifikasjonar
- Kontortid frå 08:00 – 15:30
- Avsett konsultasjonstid på 30 minutt per pasient, dette for å sikre tilstrekkeleg tid til skrivearbeid.
- 4 veker permisjon med løn i året til fagleg utvikling og kompetanseheving
- 2 x 5 dagar ekstra fri med løn per år til utdanning/kursing
- Moglegheit for rettleiing til aktuelle søkjarar som ikkje har spesialisering i allmennmedisin
- Allsidig pasientgruppe
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Attestar og vitnemål må leggast ved den elektronisk søknaden.