Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Hormonlaboratoriet, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Haukeland universitetssjukehus har frå 15.9.2020 eller etter avtale ledig vikariat som lege i spesialisering i medisinsk biokjemi i 6 månader med mogleg forlenging.
Hormonlaboratoriet er eit spesiallaboratorium for endokrinologiske analysar og inngår som ein seksjon i Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF). Hormonlaboratoriets legegruppe bidrar med informasjon, kvalitetssikring og rettleiing knytt til diagnostikk og oppfølging av endokrine sjukdomstilstandar i primærhelsetenesta, kliniske avdelingar og andre sjukehuslaboratorium. Hormonlaboratoriets driftsseksjon utfører om lag 300.000 hormonanalysar i året og legegruppa har i tillegg det medisinsk faglege ansvaret for om lag 400.000 hormonanalysar utført ved andre seksjonar ved MBF.
Legegruppa består av ein seksjonsoverlege, to overlegar som er enten spesialist i medisinsk biokjemi eller endokrinologi, samt ein legespesialist og legar i spesialisering. Vi har også ei omfattande forskingsverksemd knytt til eksternt finansierte forskingsprosjekt innan mellom anna molekylærbiologi, endokrinologi, overvekt, diabetes, brystkreft og steroidhormon. Forskingsgruppa høyrer til Hormonlaboratoriet samt klinisk institutt 2 ved det medisinsk-odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen.
Vikariatet kan tene som del av spesialistutdanninga i medisinsk biokjemi.
Arbeidsoppgåver
- Vaktordning innanfor normal arbeidstid
- Vurdering og kommentering av hormonanalysar og diagnostiske prosedyrar innan endokrinologi og medisinsk biokjemi
- Delta ved selektive venekateteriseringar og utarbeide rapportar frå desse prosedyrane
- Konsultativ verksemd, rettleiing og rådgjeving til rekvirerande legar og andre
- Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye hormonanalysar
- Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
- Fordjuping og forsking innan avdelingas verksemd
- Bidra med undervising av tilsette, studentar og ved kurs og anna etterutdanning
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i medisinsk biokjemi
- Erfaring frå medisinsk biokjemi vil bli vektlagt
- Interesse for forsking vil bli vektlagt
- Søkjar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det vert kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
- God skriftleg dokumentasjonsevne
Personlege eigenskapar
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet og avdelingas forskingsverksemd
- Du er resultatorientert
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeidar strukturert og målretta på jobb
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
- Du har oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
- Du kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver
- Du er fleksiblel
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
- Du vil få ein overlege som rettleiar under spesialistutdanninga
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring