Kort om arbeidsgiver
Vi søker dyktige gynekologar som ser for seg ei framtid i Nordmøre og Romsdal, og som kan vere med i teamet som skal ta imot over 700 barn i året. Utover obstetrikk har vi eit bredt poliklinisk- og kirurgisk tilbod.

I 2024 flyttar vi inn i eit nytt og topp moderne akuttsjukehus på Hjelset. I fødeseksjonen er det planlagt tre fødestuer med moglegheit for utviding av fødekapasiteten.  Arbeidsoppgavene vil vere knytt til obstetrikk, poliklinikk og kirurgisk aktivitet. Du blir del av fleire dedikerte tilsette, eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg standard kor det jobbast godt i team.  
 
Du vil også arbeide med poliklinisk og kirurgisk aktivitet. Du vil også bli ein del av et større fagmijø som kvinneklinikken i Ålesund. Her vil det vere gode moglegheiter for jobbutveksling og hospitering.
 
Per i dag har Helse Møre og Romsdal fødetilbod både ved sjukehusa i Kristiansund og i Molde.  Gjennom organisasjonsutviklingarbeidet fram til fellessjukehuset i Nordmøre og Romsdal står ferdig i 2024 (SNR), vil fagmiljøa i Molde og Kristiansund jobbe tettare saman.
 
Arbeidsstad: Kristiansund/Molde


Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege, vere godkjent spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar,
samt mestre norsk/skandinavisk språk for skriftleg og muntleg kommunikasjon.

Personlege eigenskapar
I tillegg til formell kompetanse vil det å vere personleg egna for stillinga bli lagt vekt på ved tilsetting.

Vi tilbyr
Eit godt fagleg miljø med internundervisning, faste møter og eit variert arbeidsfelt innan faget.
Lønn i henhold til gjeldande overenskomst
Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring
ogtjenestereiseforsikring.
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Øyvind Bakke
Tittel: Administrerande direktør
Telefon: 91369981
E-post: Oyvind.Bakke@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Molde og Kristiansund sjukehus
6407 MOLDE
Søk på stillingen