Kort om arbeidsgiver

Regional avdeling spiseforstyrringar er ein av seks avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssykehus. Avdelinga er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområde. Øvrige avdelingar i Psykiatrisk klinikk er Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling, Avdeling psykosomatisk medisin og Avdeling alderspsykiatri.

Regional avdeling spiseforstyrringar behandlar pasienter med mest alvorlig sjpiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar og eit poliklinisk tilbod. Kompetanseutvikling, kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde.

Som psykiater ved Regional avdeling spiseforstyrringar vert du en del av eit høgspesialisert fagleg team som har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest 

Arbeidsoppgåver

  • Somatisk og psykiatrisk utgreiing og diagnostisering av pasientar
  • Behandlingsansvar, planleggjing og gjennomføring av behandling
  • Deltaking i tverrfagleg team
  • Kontakt med aktuelle instansar rundt pasienten
  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og til samarbeidspartnarar i regionen

Kvalifikasjonar

  • Ønskjeleg med kunnskap om/interesse for pasientar med spiseforstyrringar
  • Må kunne bruke norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftleg
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du er motivert, fleksibel og løysingsorientert
  • Du har god evne til samarbeid
  • Du bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
  • Høgt fagleg nivå på behandling av alvorlege spiseforstyrringar
  • Spennande moglegheiter i samband med forsking og metodeutviklling
  • Varierande og spennande arbeidsoppgåver

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Signe Haugen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55976820
E-post: signe.haugen@helse-bergen.no
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk, Regional avdeling spiseforstyrringar
Haukelandsbakken 15
5021 Bergen
Søk på stillingen