Kort om arbeidsgiver

Kvinneklinikken har behov for overleger med kompetanse innan gynekologisk kreft og gynekologisk kirurgi. For å kunne tilby våre pasientar god behandling har vi fokus på kompetanse, fagleg utvikling, brukarmedverknad og pasientsikkerheit. Vi har universitetsfunksjon og stor forskingsaktivitet innan fagområdet gynekologi og fødselshjelp.

Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er regionssjukhus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Avdelinga har fire seksjonar: fødeseksjon, gynekologisk seksjon (generell gynekologi og kreft), fostermedisin/ultralyd og assistert befrukting. Avdelinga har 4700 fødslar og rundt 3000 operative inngrep årleg. Kvinneklinikken skal flytte inn i nytt bygg i 2023, og det går difor føre seg eit stort endringsarbeid i organisasjonen med mange prosjekt som jobbar fram løysingar for framtida. Det er viktig at du som overlege kan bidra positivt inn i utviklingsprosjekt og forbetringsarbeid.

Kvinneklinikken har 27 stillingar for overlegar og 13 stillingar for legar i spesialisering. Nokre av legane er også tilknytta universitetet. Som overlege ved avdelinga vil du vere rettleiar for LIS, ein viktig rolle ved gjennomføring av den nye utdanningsmodellen. Alle legar deltar i klinisk undervising.

Vi ønskjer søkjarar som er motivert for ein utfordrande arbeidskvardag og har kirurgisk kompetanse på spesialistnivå. Stillingane er ledig frå snarast.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid
  • Deltaking i avdelingas vaktsystem
  • Fagutvikling og ansvar for prosedyrar
  • Undervising
  • Deltaking i forbetringsprosjekt
  • Medansvar for god samhandling på tvers av fagområde i og utanfor klinikken 

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen
  • Norsk autorisasjon 
  • Spesialistgodkjenning i Fødselshjelp og Kvinnesjukdomar
  • Det vil bli lagt vekt på kirurgisk og/eller onklogisk kompetanse

Personlege eigenskapar

Du har:

  • evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta
  • evne til å samhandle med pasientar og pårørande
  • gode kommunikasjonsevne
  • god gjennomføringsevne
  • forskingsinteresse
  • evne å prioritere
  • god stressmeistring
  • lojalitet til klinikkens og sjukehusets verdiar og avgjerder
  • glede av godt teamarbeid 
  • ønskje og vilje til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, eit godt arbeidsmiljø og høgt tempo
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Agnethe Lund
Tittel: Konstituert klinikkoverlege
Telefon: 93691805
E-post: agnethe.lund@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kvinneklinikken 
Kvinneklinikken
5053 Bergen