Kort om arbeidsgiver
Vindafjord kommune har ledig fastlege vikariat ved Vindafjord legesenter - frå 21.09.20 til 01.10.21 - med høve til forlenging. Pasient liste p.t: 700.

Hovudarbeidsoppgåver
  • Fastlege oppgåver
  • Pliktig deltaking i Interkommunal legevakt
  • Vindafjord kommune har legevaktsamarbeid med Etne kommune
  • 14-delt vaktbelastning med bemanna legevaktsentral og god fastløn for vaktarbeidet
  • Det kan tilpliktes 20% kommunale oppgåver i stillinga
Kvalifikasjoner
  • Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering
  • Fylle krava til Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse - og omsorgstenesta
  • Norsk autorisasjon
  • God kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge som lege
  • Gode ferdigheter i kommunikasjon og samhandling
  • Må kunne norsk skriftleg og munnleg
Andre opplysninger om arbeidet

Vindafjord legesenter er ein gruppepraksis med totalt 4 legeheimlar og ein LIS 1 lege. Legekontoret har gode lokalar, er godt utstyrt og har stabilt og dyktig hjelpepersonale. Fastelegen er i dag kommunalt tilsett, men anna driftsordning kan vurderast. Kommunen har totalt 3 legekontor, (Vikedal legesenter, Ølen legesenter og Vindafjord legesenter.) Totalt 11 fastlegar + 1 Lis 1 lege. Legekontoret nyttar WebMed journalsystem. Vindafjord kommune er godkjent som utdanningsvirksomhet. Spesialisering etter ny ordning kan gjennomførast i vikariatet.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Personlege egenskaper
  • Du må lika å arbeida sjølvstendig og ta ansvar
  • Du må ha evne til fleksibilitet, handlekraft, vera omgjengeleg og trivast med almennmedisinsk arbeid.
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Me kan tilby
  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Tilsetjing på vanlege vilkår
  • Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
  • Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
  • Hjelpe til med å skaffe barnehageplass og bustad
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.

Søknadsfrist 30.07.2020
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune
Kontaktpersoner
Navn: Trine Larsen Stokkan
Tittel: Dagens heimel innehavar
Telefon: 47302282
Navn: Maren Tjelmeland Hustoft
Tittel: Einingsleiar Helse
Telefon: 92482820
E-post: Maren.Hustoft@vindafjord.kommune.no
Navn: Terje Egil Kleiven
Tittel: Dagleg leiar Vindafjord legesenter
Telefon: 93438664
E-post: terje@isvik.no
Arbeidssted
Vindafjord legesenter
E134 3
5574 SKJOLD