Kort om arbeidsgiver

Overlege ortopedi Voss Sjukehus

Ved kirurgisk avdeling er det 5 overlegestillingar i ortopedisk kirurgi. Ein av
stillingane er no ledig. I tillegg er det 4 overlegar i generell kirurgi, 4
LIS3 i ortopedi og 4 LIS2 i generell kirurgi ved avdelinga.

Voss sjukehus har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt ein stor
aktivitetsvekst og ønskjer å halde fram med den positive utviklinga. I
strategiplan for Helse Bergen er det lagt opp til styrkjing av akuttfunksjonar
ved Voss sjukehus. I tillegg til generell ortopedisk traumatologi, vert det
behandla elektiv ortopedi som artroskopi i skulder, kne og ankel, fot- og
handkirurgi, protesekirurgi i hofte og kne ved avdelinga.

Voss har om lag 15.000 innbyggjarar og staden har flott natur som gjev særs
gode høve til naturopplevingar og -aktivitetar både for born og vaksne, samt
for ekstremsportutøvarar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt
utbygd skuletilbod. Det er god kommunikasjon til Bergen/Flesland og austover
til Oslo.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med
avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus

Tilsetjing etter avtale med seksjonsoverlege.


Å bu og jobbe på Voss:  https://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/jobb-pa-voss/a-bu-pa-voss

Arbeidsoppgåver

  • Elektiv og akutt ortopedi. Det er ein fordel med erfaring innan protesekirurgi i hofte og kne
  • 5-delt bakvakt som ortoped 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning innan ortopedisk kirurgi
  • Du oppsøkjer og/eller har god og oppdatert prosedyrekunnskap, gjennomfører praktiske prosedyrar etter oppdaterte retningsliner med dei rette ressursane til rett tid
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dei
  • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust med kompetansen din
  • Vi vektlegg høgt vilje - og eigenskapar til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Vi legg til rette for kompetanseheving, etterutdanning og forskning for spesialister
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Vi kan hjelpe deg med å finne ein passande bustad
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Sjur Børsheim
Tittel: Seksjonsoverlege ortopedi
Telefon: 56 53 35 00
Navn: Christer Kvelvane
Tittel: Avdelingsoverlege kirurgisk avdeling
Telefon: 56 53 35 00
Arbeidssted
Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss
Søk på stillingen