Haukeland universitetssjukehus etablerer no delte overlegestillingar i infeksjonssjukdoammar.
Vi ønskjer søknad frå deg som er spesialist i infeksjonssjukdomar eller som har kort tid igjen til spesialisering. Tilsetjingsforholdet kan anten vere 100% stilling i Mottaksklinikken med avtale om teneste i Medisinsk klinikk i kontrakten. Alternativt kan tilsetjingsforholdet vere delt etter ein avtalt stillingsandel ved begge klinikkene. Minimum 50% av stillinga og vakttenesta vil vere i Mottaksklinikken.
Kvar stilling vil vere tilpassa den enkelte søkjars kompetanse og situasjon. Du vil få arbeide i eit tverrfagleg spesialistmiljø i Mottaksklinikken samtidig som du får arbeide og utvikle kompetansen din i infeksjonssjukdomar. Vi ber om at du i søknaden beskriv dine interesseområde både innan områda Mottaksklinikken dekkjer og innan infeksjonssjukdomar.
Medisinsk klinikk tar i mot pasienter for utredning og behandling av indremedisinske sjukdomar. Det kan for eksempel vere blodsjukdomar, hormonsjukdomar og diabetes, fordøyingssjukdomar, infeksjonssjukdomar og nyresjukdomar. Avdelinga har ulike opplæringstilbod for pasientar og pårørande. Det er fleire einingar tilpassa dialyse, gastroenterologiske spesialundersøkingar, poliklinisk verksemd og dagbehandling.
Mottaksklinikken har 6 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Utgreiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. I akuttmottak har Mottaksklinikken sine overlegar eit overordna ansvar for primærvurdering/triage samt oppfølging av paisentar med høg hastegrad. Korttidsposten med brystsmerteeininga er ein observasjonspost for pasientar med avklarte problemstillingar og kort forventa liggjetid.
Diagnostisk Senter er ein poliklinikk med ansvar for eit diagnostisk pakkeforløp for pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom/kreft med usikker organtilhøyrsle. Akuttposten er spesialisert på rusproblematikk. I tillegg har vi ein eigen eining for forsking og utvikling.