Kort om arbeidsgiver

Haukeland universitetssjukehus etablerer no delte overlegestillingar i endokrinologi.

Vi ønskjer søknad frå deg som er endokrinolog eller som har kort tid igjen til spesialisering. Tilsetjingsforholdet kan anten vere 100% stilling i Mottaksklinikken med avtale om teneste i Medisinsk klinikk i kontrakten eller tilsetjingsforholdet kan vere delt etter ein avtalt stillingsandel ved begge klinikkene. Minimum 50% av stillinga og vakttenesta vil vere i Mottaksklinikken.

Kvar stilling vil vere tilpassa den enkelte søkjars kompetanse og situasjon. Du vil få arbeide i eit tverrfagleg spesialistmiljø i Mottaksklinikken samtidig som du får arbeide og utvikle kompetansen din i endokrinologi. Vi ber om at du i søknaden beskriv dine interesseområde både innan områda Mottaksklinikken dekkjer og innan endokrinologi.

Medisinsk klinikk tar i mot pasientar for utgreiing og behandling av indremedisinske sjudomar. Det kan for eksempel vere blodsjukdomar, hormonsjukdomar og diabetes, fordøyingssjukdomar, infeksjonssjukdomar og nyresjukdomar. Avdelinga har ulike opplæringstilbod for pasientar og pårørande. Det er fleire einingar tilpassa dialyse, gastroenterologiske spesialundersøkingar, poliklinisk verksemd og dagbehandling.

Mottaksklinikken har 6 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Utgreiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. I akuttmottak har Mottaksklinikken sine overlegar eit overordna ansvar for primærvurdering/triage samt oppfølging av paisentar med høg hastegrad. Korttidsposten med brystsmerteeininga er ei observasjonspost for pasientar med avklarte problemstillingar og kort forventa liggjetid.

Diagnostisk Senter er ein poliklinikk med ansvar for eit diagnostisk pakkeforløp for pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom/kreft med usikker organtilhøyrsle. Akuttposten er spesialisert på rusproblematikk. I tillegg har vi ein eigen eining for forsking og utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • På Medisinsk klinikk vil du ha faste arbeidsdagar der oppgåvene blir avtalt ved tilsetjing etter dine ønskjer og klinikkens behov. Tilsvarande gjeld i Mottaksklinikken
  • Vi vil leggje til rette for god fagleg utvikling og moglegheiter til å forske, samtidig som du kan oppretthalde spesialiteten med kontakt og arbeid ved Medisinsk klinikk

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i endokrinologi, eller snart ferdig spesialist i endokrinologi
  • Du har god fagleg kunnskap og innsikt
  • Evner å handtere og prioritere riktig i samtidighetssituasjonar
  • Bidrar aktivt til å oppretthalde kompetansen og er bevisst ansvaret som blir tillagt stillinga
  • Norsk autorisasjon
  • Søkjar må meistre norsk, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Lærevillig og forbetringspådrivar
  • Fleksibel og dynamisk
  • Respektfull og trygg i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Ansvarsbevisst og samarbeidsorientert

Vi tilbyr

  • Ein unik moglegheit for nyskaping
  • Høgt fokus på forsking
  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Lønn etter avtale
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Bård Østnor
Tittel: Ass. Einingsleiar
Telefon: 55970308
E-post: bard.ostnor@helse-bergen.no
Navn: Rune Oskar Bjørneklett
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 92038997
Navn: Anne Taule
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55978204
E-post: anne.taule@helse-bergen.no
Arbeidssted
Mottaksklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen