Kort om arbeidsgiver

Haugaland DPS sitt opptaksområde er Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Karmøy, Etne, Sauda og Suldal. Befolkningsgrunnlaget er omlag 90 000 vaksne innbyggjarar.

Haugaland DPS har lokaler sentralt i Haugesund og på Karmøy. Vi gir eit breidt behandlingstilbod som favnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.
Haugaland DPS har eit robust fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar under spesialisering, samt høgskuleutdanna med vidareutdanning.
DPSet  er i ein spennande fase hvor vi vidareutviklar behandlingtilbod både i poliklinikk og døgnbehandling. Vi har nå ledige stillingar på begge behandlingsnivå med unik mogligheit til å bidra i fagutviklinga.
 

Haugaland DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF, og er godkjent for utdanning av alle faggrupper. Vi kan tilby heile utdanningsløpet til spesialiteten psykiatri i klinikken her på Haugalandet.

Haugaland DPS søkjer lege med norsk autorisasjon som ønskjer å utdanne seg til psykiater. Vi har ledig vikariat med tiltreding 01.09.20

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i vaktordning
  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
  • Tverrfagleg klinisk arbeid i team
  • Rettleiing og internundervisning 
  • Deltaking i samhandling med pårørande og kommunehelsetenestene 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg på høgt nivå.

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktperson
Navn: Thomas Lundqvist
Tittel: Funksjonsleder, DPS
Telefon: 41239898
E-post: thomas.lundqvist@helse-fonna.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Haugaland DPS, Helse Fonna HF
postboks 2170
5504 Haugesund