Det er ledig 2 x 100% faste stillingar som fastlege med listelengde på ca. 950 pasientar.

Stillingane er ledige frå 14.09.20, eller etter avtale.

Stillingane er kommunalt fastløna stillingar med gode løns- og pensjonsvilkår.

Legetenesta i Stranda omfattar 5 fastlegar og turnuskandidat. Pliktig deltaking i legevakt, kommunen arbeider med å knyte seg til større interkommunal legevakt. Datasystemet som blir brukt er System-X journalsystem.

Til stillingane er det tilplikta offentleg legearbeid med ca. 7,5 t/pr. veke, eller etter avtale.

Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg
  • Førarkort for personbil
Personlege eigenskapar
  • Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Fleksibel
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
  • Ein veldriven praksis i trivelige lokale med godt utstyr og stabilt og velutdanna hjelpepersonell.
  • God fastløn og prosentvis omsettningsløn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Stranda kommune
Stranda legekontor
Kontaktperson
Navn: Josefine Gjerde
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 46411089
E-post: josgje@stranda.kommune.no
Arbeidssted
Øyna 13
6200 STRANDA