Kort om arbeidsgiver
Haukeland universitetssjukehus etablerer no overlegestillingar i Mottaksklinikken med fast tilknyting til Lungeavdelinga.
Vi ønskjer søknad frå deg som er lungelege, eller som har kort tid igjen til spesialisering. Tilsetjingsforholdet er 100% stilling på Mottaksklinikken med avtale om teneste på Lungeavdelinga i 20 - 40%, beskrive i kontrakten. Vakttenesta vil vere i Mottaksklinikken.
Kvar stilling vil vere tilpassa den enkelte søkjars kompetanse og situasjon. Du vil få arbeide i eit tverrfagleg spesialistmiljø i Mottaksklinikken samtidig som du får arbeide og utvikle kompetansen din i lungefaget. Vi ber om at du i søknaden beskriv dine interesseområde både innan områda Mottaksklinikken dekkjer òg innan lungefaget.
Lungeavdelinga er mellom dei største lungemedisinske einingane i landet og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin. Vi har som mål å gje god behandling og omsorg som byggjer på den nyaste forskinga innan lungesjukdomar, pusteproblem eller respirasjonssvikt grunna sjukdom i andre organ.
Mottaksklinikken har 6 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Utgreiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. I akuttmottak har Mottaksklinikken sine overlegar eit overordna ansvar for primærvurdering/triage samt oppfølging av paisentar med høg hastegrad. Korttidsposten med brystsmerteeininga er ein observasjonspost for pasientar med avklarte problemstillingar og kort forventa liggjetid.

Diagnostisk Senter er ein poliklinikk med ansvar for eit diagnostisk pakkeforløp for pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom/kreft med usikker organtilhøyrsle. Akuttposten er spesialisert på rusproblematikk. I tillegg har vi ein eigen eining for forsking og utvikling.
Arbeidsoppgåver
  • På Lungeavdelinga vil du ha faste arbeidsdagar der oppgåvene blir avtalt ved tilsetjing etter dine ønskjer og Lungeavdelingas behov. Tilsvarande gjeld for arbeidet i Mottaksklinikken
  • Vi vil leggje til rette for god fagleg utvikling og moglegheiter til å forske, samtidig som du kan oppretthalde spesialiteten med kontakt og arbeid ved Lungeavdelinga
Kvalifikasjonar
  • Du har god fagleg kunnskap og innsikt
  • Evner å handtere og prioritere riktig i samtidighetssituasjonar
  • Bidrar aktivt til å oppretthalde kompetansen og er bevisst ansvaret som blir tillagt stillinga
  • Norsk autorisasjon
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Lærevillig og forbetringspådrivar
  • Fleksibel, ansvarsbevisst og dynamisk
  • Respektfull og trygg i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Opptatt av læring og Formidling av fagkompetanse, inkludert å ta rettleiingsoppgåver
  • Pådrivar i avdelingas forbetringsarbeid
Vi tilbyr
  • Ein unik moglegheit for nyskaping
  • Høgt fokus på forsking
  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Lønn etter avtale
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
Utdanningsretning
  • Medisin
Utdanningsnivå
  • Profesjonsstudium
Språk
  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Bård Østnor
Tittel: Ass. Einingsleiar
Telefon: 55970308
E-post: bard.ostnor@helse-bergen.no
Navn: Rune Oskar Bjørneklett
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 92038997
Navn: Anne Taule
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55978204
E-post: anne.taule@helse-bergen.no
Arbeidssted
Mottaksklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen