Kort om arbeidsgiver

Haukeland universitetssjukehus etablerer no delte overlegestillingar i kardiologi mellom Hjarteavdelinga og Mottaksklinikken.

Vi ønskjer søknad frå deg som er kardiolog, eller som har kort tid igjen til spesialisering. Tilsetjingforholdet kan anten vere kontrakt i 100% stilling på Mottaksklinikken med avtale om teneste på Hjarteavdelinga eller tilsetjingsforholdet kan vere delt etter ein avtalt stillingsandel ved begge avdelingane. Minimum 50% av stillinga og vakttenesten vil vere i Mottaksklinikken.

Kvar stilling vil vere tilpassa den enkelte søkjars kompetanse og situasjon. Du vil få arbeide i eit tverrfagleg spesialistmiljø i Mottaksklinikken samtidig som du får arbeide og utvikle kompetansen din i Kardiologi. Vi ber om at du i søknaden beskriv dine interesseområde både innan områda Mottaksklinikken dekkjer òg innan kardiologi.

Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ein spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdomar er samla. Avdelinga driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgjande område; ikke-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvaking, pacing, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Behandlingsmetodane er i kontinuerleg utvikling og forskingsaktiviteten er høg.

Mottaksklinikken har 6 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Utgeiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. I akuttmottak har Mottaksklinikken sine overlegar eit overordna ansvar for primærvurdering/triage samt oppfølging av paisentar med høg hastegrad. Korttidsposten med brystsmerteeininga er ein observasjonspost for pasientar med avklarte problemstillingar og kort forventa liggjetid.

Diagnostisk Senter er ein poliklinikk med ansvar for eit diagnostisk pakkeforløp for pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom/kreft med usikker organtilhøysle. Akuttposten er spesialisert på rusproblematikk. I tillegg har vi ein eigen eining for forsking og utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • På Hjarteavdelinga vil du ha faste arbeidsdagar der oppgåvene blir avtalt ved tilsetjing etter dine ønskjer og Hjarteavdelingas behov. Tilsvarande gjeld for arbeidet i Mottaksklinikken
  • Vi vil leggje til rette for god fagleg utvikling og moglegheit til å forske, samtidig som du kan oppretthalde spesialiteten med kontakt og arbeid ved Hjarteavdelinga

Kvalifikasjonar

  • Du har god fagleg kunnskap og innsikt
  • Evner å handtere og prioritere riktig i samtidighetssituasjonar
  • Bidrar aktivt til å oppretthalde kompetansen og er bevisst ansvaret som blir tillagt stillinga
  • Norsk autorisasjon
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Lærevillig og forbetringspådrivar
  • Fleksibel og dynamisk
  • Respektfull og trygg i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Ansvarsbevisst og samarbeidsorientert

Vi tilbyr

  • Ein unik moglegheit for nyskaping
  • Høgt fokus på forsking
  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Lønn etter avtale
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Bård Østnor
Tittel: Ass. Einingsleiar
Telefon: 55970308
E-post: bard.ostnor@helse-bergen.no
Navn: Rune Oskar Bjørneklett
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 92038997
Navn: Anne Taule
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55978204
E-post: anne.taule@helse-bergen.no
Arbeidssted
Mottaksklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen