Kort om arbeidsgiver
Vi har ledig 1 - muligens 2 - vikariat, frå 1. september 2020 for lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdom ved kirurgisk klinikk, seksjon for gynekologi. Stillinga inngår i 8-delt tilstadevaktteneste. Mogleg forlenging. Anna vikariat kan bli ledig, skriv i søknaden om dette er av interesse.

Den som blir tilsett vil få individuell utdanningsplan.

Seksjonen har 8 overlegestillingar og 6 LIS-stillingar. Avdelinga har 1500 fødslar årleg med fødande frå Haugesundsregionen, samt risikofødslar frå Stord og Odda. Avdelinga har høg kvalitet i både gynekologi og fødselshjelp. Fertilitetseininga ved Helse Fonna er mellom dei fremste i landet.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid i fagområdet fødselshjelp og kvinnesjukdommar.
  • Inneber arbeid med både gynekologi og obstetrikk.

Kvalifikasjonar

  • Relevant sjukehuserfaring vil bli vektlagd.
  • Gyldig norsk autorisasjon som lege.
  • Krav om gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert.
  • Sjølvstendig.
  • Nøyaktig.
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team.
  • Gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift).
  • Fagleg og personleg utvikling.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktperson
Navn: Klaus Oddenes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 52732000
Hjemmeside
Arbeidssted
Gynekologisk seksjon Haugesund, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund