Kort om arbeidsgiver

Det er ledig stilling som avdelingsoverlege i klinisk farmakologi frå september 2020.

Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Avdelinga har ein omfattande rutine- og forskingsaktivitet og er også godkjend for hovudutdanninga innan spesialiteten klinisk farmakologi og medisinsk biokjemi.

Seksjonen har tilsatt 7 overlegar, herav ein overlege i bistilling med hovudstilling på Universitetet i Bergen (UiB), tre legar i spesialisering (LIS), og sju farmasøytar. Fleire medarbeidarar har bistilling ved UiB. Seksjonen har ansvar for leiarskap av Helse Bergen sin legemiddelkomite og for koordinering av legemiddelrådgjeving i føretaket. Seksjonen inkluderer og legemiddelinformasjonssenteret i Helseregion Vest, RELIS Vest, og ein av overlegane er førebels dens leiar. 

Seksjonen sine medarbeidarar gir beslutningsstøtte til primær- og spesialisthelsetenesta innan legemiddelbehandling og formidlar kunnskap om riktig bruk av legemiddel

Arbeidsoppgåver

  • Medisinsk fagleg ansvar ved Seksjon for klinisk farmakologi
  • Personalansvar inngår i stillinga
  • Oppgåver som høyrer til overlegefunksjon
  • Bidra med undervising av tilsette, studentar ved kurs og anna etterutdanning
  • Den som blir tilsett vil få moglegheit til å delta i forskingsaktivitet knytt til satsingsområde

Kvalifikasjonar

  • Må vere godkjend spesialist i klinisk farmakologi
  • Norsk autorisasjon 
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring frå forsking
  • Søkjar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Erfaring med forsking er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Ha god fagleg vurderingsevne og arbeide strukturert og målretta
  • Vere motivert for fagleg utvikling og forsking
  • Vere sjølvstendig, konstruktiv og fleksibel
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og kunne etablere gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Ha god oversikt over eigne oppgåver, kunne prioritere og følgje opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode moglegheiter for forsking innan våre satsingsområde
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Jørn Vegard Sagen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 95863689
E-post: jorn.vegard.sagen@helse-bergen.no
Navn: Bettina Marie Riedel
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55973073
E-post: bettina.riedel@helse-bergen.no
Arbeidssted
Laboratorieklinikken, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen