Kort om arbeidsgiver

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) er ein moderne og veldrive klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Klinikken gir spesialisthelse-tenester til bydelane Åsane og Arna i Bergen kommune og kommunane i Alver (Meland, Lindås og Radøy), Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Bjørgvin DPS har 150 årsverk og eit budsjett på 145 millionar kroner for 2020. Døgntilbod er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes.

Klinikken er delt i 2 fagområde psykose og allmennpsykiatri. 

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
* Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
* Opplæring av pasientar og pårørande
* Rettleiing til psykisk helsearbeid i kommunane
* Forsking, kvalitetsutvikling, utdanning av helsepersonell

Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar, og vi har fokus på forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er høgt prioritert. Klinikken er organisert i to fagområde, allmennpsykiatri og psykose. Fagområde allmenn psykiatri har ein døgnavdeling med til saman 15 sengeplassar (9 sjudøgnssenger og 6 femdøgnssenger). Vi har i tillegg to poliklinikkar som er lokalisert på Tertnes og i Knarvik, samt eMeistring som er eit internettbasert behandlingstilbod til pasientar med angst og depresjonslidingar.

Seksjonen har overlegar, psykologspesialistar, sjuke- og vernepleiarar, erfaringskonsulent og sosionomar. Vi søkjar etter overlege i 100% fast stilling til vår allmennpsykiatriske døgnavdeling C1 på Tertnes.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av inneliggjande pasientar
  • Bidra til å utvikle behandligstilbodet

Kvalifikasjonar

  • Legespesialist
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre Norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg oppdatert og engasjert
  • Trivast med ein aktiv og hektisk arbeidskvardag
  • Gode samarbeidsevner
  • Trivast med teamarbeid

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidskvardag
  • Løn i henhald til gjeldande avtalar
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00
Arbeidssted
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Avdeling allmennpsykiatri Bjørgvin/ C1 Tertnes døgnbehandling, Helse Bergen
Tertnesvegen 37
5113 Tertnes