Kort om arbeidsgiver

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) er ein moderne og veldrive klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Klinikken gir spesialisthelse-tenester til bydelane Åsane og Arna i Bergen, Osterøy kommune og kommunane i Alver (Meland, Lindås og Radøy), Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Bjørgvin DPS har 150 årsverk og eit budsjett på 145 millionar kroner for 2020. Døgntilbod er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:

* Opplæring av pasientar og pårørande
* Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
* Rettleiing til psykisk helsearbeid i kommunane
* Forsking, kvalitetsutvikling, utdanning av helsepersonell

Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar, og vi har fokus på forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er høgt prioritert. Klinikken er organisert i to fagområde, allmennpsykiatri og psykose. Fagområde allmennpsykiatri består av poliklinikk på Tertnes og i Knarvik, seksjon for eMeistring og døgnseksjon C1. Poliklinikkane har allmennteam, akutt ambulant team, gruppebehandling, korttidsteam, DBT team og traumeteam. Fagområdet har til saman 9 overlegar, inntil 3 LIS, 20 psykologspesialistar samt psykologar, sjuke- og vernepleiarar, erfaringskonsulent, sosionomar, fysioterapeut, musikk og uttryksterapeut. 

Vi søkjer etter Overlege til arbeid i Knarvik allmennpsykiatriske poliklinikk. Utanom den aktuelle stillinga har vi 2 overlegar i poliklinikken og 1 LIS lege. Poliklinikken flyttar inn i nye og moderene lokale i Nordhordland helsehus i februar 2021.

Vi har behov for å styrkje vårt DBT-team, og kandidatar som har DBT-kompetanse eller er interessert i å arbeide innanfor dette området oppfordrast særleg til å søkje. Opplæring vil bli gitt ved behov. Vi har også behov for å styrkje vårt Traumeteam, som tilbyr behandling innanfor metodikkane EMDR og CT-PTSD.

Arbeidsoppgåver

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Godkjent overlege med spesialisering i Psykiatri
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre Norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg oppdatert og engasjert
  • God arbeidskapasitet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • God samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Trivelegt arbeidsmiljø
  • Fagleg spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i henhald til gjeldande avtale
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Ass. einingsleiar
Telefon: 55 95 71 10
Arbeidssted
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Knarvik allmennpsykiatriske poliklinikk, Helse Bergen
Kvasnessvegen 63
5914 Isdalstø