Kort om arbeidsgiver
Det er ledig fastlegeheimel i Vaksdal kommune
Fast heil stilling. Stillinga driftast som sjølvstendig næringsdrivande etter leigeavtale med Vaksdal kommune som disponerer heimelen, i tillegg til kommunal deltidsstilling.

Praksisopplysningar:
For tida solopraksis i Skulegata 2, 5722 Dalekvam, 5 minutt å gå frå jernbanestasjonen. Praksisen har liste med om lag 1100 pasientar, og eit listetak på 1200.

Det er daglegevakt ein dag/veke.

Deltaking i interkommunal legevakt Voss.

Arbeidstid kvardagar frå kl. 08.30 – kl. 16.00. Det må påreknast inntil 7, 5 timar kommunalt arbeid per veke, som vert løna i samsvar med gjeldande tariffavtale.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Norsk autorisasjon som lege (HPR nummer vert oppgitt i søknad).
  • Gjennomført turnusordning/LIS1 eller tilsvarande
  • Må vera ferdig spesialist i allmennmedisin og ha full vaktkompetanse
  • Ynskjeleg med erfaring frå fastlegepraksis og legevaktarbeid
  • Kjennskap til norsk helsevesen
  • Førarkort kl B og må kunne disponera eigen bil.
  • Gode evner til kommunikasjon, samt gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Politiattest må leggjast fram før tilsetjing, og referansar må leggjast ved søknad. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.

For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.

Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 95 52 75 04
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Kontaktperson
Navn: Ole Miltzow Thorseth
Telefon: 954 44 540
Arbeidssted
Vaksdal kommune
5722 DALEKVAM