Kort om arbeidsgiver

Klinikk for diagnostikk, Avdeling for medisinsk mikrobiologi

Avdeling for medisinsk mikrobiologi omfattar 2 seksjonar; Seksjon Molde og Seksjon Ålesund og yter service til alle sjukehusa og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal.
Kontorstad for legane i avdelinga er ved seksjonen i Molde, men ein må pårekne regelmessige turar til Mikrobiologi Ålesund.
Stigande førekomst av antibiotikaresistens og ein stadig større populasjon av immunsupprimerte/infeksjonsutsette pasientar gjer at faget veks i omfang og viktigheit.
Medisinsk mikrobiologi er eit klinikknært laboratoriefag og dei daglege arbeidsoppgåvene for legane i avdelinga er i stor grad i grensesnittet mellom laboratorium og klinikkar.
Vi ønskjer å byggje eit solid fagmiljø i føretaket, og søkjer kreative og initiativrike medarbeidarar. Ønskjer du å drive med forskning kan det leggast til rette for dette.

Vi har ledig vikariat i 100% stilling for Lege i spesialisering i perioden 15.09.2020 - 14.09.2021. 

Stillinga er forbeholdt kandidatar som ønskjer spesialitet i medisinsk mikrobiologi.

LIS deltek i primærvaktordning. 

Tilsettingsvilkår etter gjeldande overeinskomst.
Medlemskap i pensjonsordning, gruppelivsforsikring og ulykkesforsikring.
For meir informasjon om vår region, sjå Visit Nordmøre og Romsdal.

Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.  

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Einar Nilsen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 71222139
Hjemmeside
Arbeidssted
AVDELING FOR MEDISINSK MIKROBIOLOGI, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde
Søk på stillingen