Kort om arbeidsgiver
Time kommune søkjer fastlege til privat næringsdrift ved Sandtangen legesenter. Heimelen er ledig frå 3.12.2020, med moglegheit for å avtale oppstart før viss det er ønskeleg. Økonomiske vilkår ved overdraging av praksis vert forhandla med avtredande fastlege. 
Kommunen legg til rette for spesialisering og kan nytta seg av offentlege ordningar. Helsedirektoratet opplyser at det truleg vil lysast ut tilskotsmiddel til næringsdrivande ALIS-stillingar i 2020. Kommunen kan då søkja om tilskot etter avtale med den enkelte legen. Eit slikt tilskot vil kunna dekkja ekstra utgifter i oppstartfasen og i samband med spesialistutdanninga. Kommunen vil sørgja for nødvendig rettleiing og supervisjon. 

Arbeidsoppgåver
Følge opp pasienter på liste, listestørrelse pr d.d. 1063.
Offentlege oppgåver på helsestasjon 9,33% stilling.

Legevakt 32-delt ved Klepp og Time legevakt kl. 15-23 kvardagar og i tidsrommet 08-23 i helger.

Nattevakter ved interkommunal legevakt på Sandnes 60-delt kl 23-08.
Delta i administrative oppgåver ved felles drift av legesenteret.

Kvalifikasjonar
-       Norsk autorisasjon.
-       Godkjent LIS1.
Krav om politiattest.

Personlege eigenskapar
Ein vil vektlegge personlege eigenskaper som:
-       Gode kommunikasjonsevner med gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg.
-       Gode samarbeidsevner.
-       Kan arbeide godt sjølvstendig.

Vi tilbyr
Praksis ved Sandtangen legesenter sentralt plassert på Bryne i Time kommune. Legesenteret holder til i moderne og funksjonelle lokale og husar seks fastlegar og ein ALIS-stilling i offentleg verksemd. Det er ein augelege-praksis knytt til legesenteret. Journalsystem System X vert nytta.

Velutstyrt og veldrive legesenter med eiga skiftestove og laboratorium. Moderne ultralydapparat. Medarbeidarar er sjukepleiarar, helsesekretær og bioingeniør. Stabilt kollegium med fleire spesialistar i allmennmedisin. 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Time kommune
Kontaktperson
Navn: Heidi Garborg
Tittel: Virksemdleiar
Telefon: 993 15 148
Hjemmeside
Arbeidssted
arne garborgsveg
4340 BRYNE
Søk på stillingen