Kort om arbeidsgiver

Førde BUP er ein av poliklinikkane i PBU (avdeling psykisk helsevern for barn og unge), og dekker ei barnebefolkning på om lag 12.200, fordelt på 8 kommunar. Vi har spesialistar i alle profesjonar og dei fleste fagstillingar, mange med lang fartstid og erfaring innan feltet. Vi held eit godt fagleg nivå og har oppdatert kunnskap og behandlingskompetanse på dei fleste kliniske område.

Førde BUP har ledig fast stilling som LIS3 frå 01.09.2020

Arbeidsoppgåver

  • Utgreie, diagnostisere og behandle psykiske lidingar hos barn og unge
  • Samarbeide med førstelinja og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod
  • Deltaking i interne og eksterne møter, undervisning, fagutvikling, rettleiing og anna organisatorisk arbeid
  • Inngå i for tida 10-delt vaktordning i Psykisk helsevern

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, med fullført turnusteneste
  • God fagleg vurderingevne
  • God norsk framstillingsevne både skriftleg og munnleg
  • Erfaring med arbeid i barne- og ungdomspsykiatri vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å møte barn, unge og foreldre slik at dei opplever seg sett og forstått
  • Gode evner til å samarbeide med andre fagpersonar på ein likeverdig og respektfull måte
  • Fagleg interesse og tydeleg engasjement, med ønskje om å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare
  • Gode evner til å arbeide strukturert og målretta, og har høg arbeidskapasitet
  • Trivast i eit aktivt miljø og tverrfagleg team

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst  
  • Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Hildegunn Knapstad Fauske
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 578 39 207
Hjemmeside
Arbeidssted
Førde BUP, Helse Førde
Prestebøen 9
6809 Førde
Søk på stillingen