Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune har 25 legar med ulike listestorleikar i kommunen, fordelt på to kommunale og fleire
privatdrevne fastlegekontor. Vi har døgnopen legevakt to stader i kommunen, på Moberg og i Eikelandsosen.
 
Bjørnafjorden kommune har no ledig ei fastlønna legestilling. Stillinga er tilknytt legekontoret i Eikelandsosen med
totalt 5 fastlegar, og det blir sikra rettleiing og tilrettelegging for spesialistutdanning. Stillinga inneber også
arbeidspraksis på helsestasjon, sjukeheim, ØHD-seng og legevakt. Legen forpliktar seg til å gjennomføra dei kurs og
delta i rettleiing og dei læringsaktivitetar som krevst for gjennomføring av spesialistutdanninga.
 
Legekontoret flytta før jul 2019 inn i flotte, nye lokale, som også blir nytta som legevaktstasjon. I same bygg ligg også
ambulansestasjon og helsestasjon. Legekontoret har dyktige helsesekretærar som utfører
laboratorieundersøkelser/EKG/spirometri, etc. Lokala er velutstyrte. Vi har Infodoc Plenario journalsystem og
elektronisk kommunikasjon med heimesjukepleia. Kommunen legg opp til 12-delt legevakt i Eikelandsosen, som er
ein satellittstasjon til hovudlegevakta på Moberg. Legevakta er fastlønna og kan inngå i stillingsprosenten.
 
Det må søkjast elektronisk. Dokumentasjon på utdanning og attestar for tidlegare arbeidsforhold blir etterspurt ved
innkalling til intervju.
 
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og turnusteneste/LIS1 eller tilsvarande
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God norskkunnskap både skriftleg og munnleg, tilsvarande "Bergenstesten"
- Førarkort
- Fagleg engasjement, evne til sjølvstendig arbeid med god pasientflyt og gode tverrfagleg samarbeidsevner
- At du er personleg eigna
- Krav om politiattest
- NOKUT-godkjend utdanning for søkjarar med utdanning frå utlandet.
 
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Rettleiing, kursing og 6 mnd. institusjonsteneste
- Vaktbil og vaktbustad til kostnadsfri disposisjon ved legevakt
- Hjelp til å skaffa bustad
- Barnehageplass
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.
 
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
 
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
 
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
 
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har
internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta
kontakt med personalavdelinga.

Nils-Petter Borge, Assisterande kommunedirektør, tlf: 970 45 172, npbo@bjornafjorden.kommune.no
Jonas Nordvik Dale, kommuneoverlege, tlf: 994 86 367, joda@bjornafjorden.kommune.no
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktpersoner
Navn: Nils-Petter Borge
Tittel: Ass. kommunedirektør
Telefon: 970 45 172
E-post: npbo@bjornafjorden.kommune.no
Navn: Jonas Nordvik Dale
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 994 86 367
E-post: joda@bjornafjorden.kommune.no
Arbeidssted
Bjørnafjorden kommune
5200 OS
Søk på stillingen