Kort om arbeidsgiver
Norheimsund legesenter har ledig vikariat for ein av fastlegane i eitt år, med moglegheit for forlenging. Legesenteret ligg sentralt plassert i Norheimsund og er ein 4-legepraksis, med LIS1-lege (turnuslege) og stabilt hjelpepersonell. I fastlegeheimelen har legen ein kurativ dag ved Norheimsund legesenter, og 2 kurative dagar ved Strandebarm legekontor, som er eit kommunalt drive lokalkontor. Fire legar i Kvam rullerer på å betjena Strandebarm legekontor. Også her er det stabilt og dyktig hjelpepersonell. Det er godt samarbeid med kollegaer ved Norheimsund legesenter, med fagmøte kvar veke for fagleg diskusjon.  

Legane i Kvam har næringsdrift i tillegg til ein fastlønnslege med ALIS-Vest-avtale. Ved vanskar med rekruttering til næringsdrift, vil kommunen vurdera andre avtaleformer. 

Ledig liste har 900 pasientar og listetaket er 900. Det er ein variert pasientpopulasjon med oversiktleg journal. Det vert nytta Infodoc plenario som EPJ. Det er innarbeidd bruk av e-konsultasjon, e-kontakt og timebestilling via Digital dialog med fastlege på helsenorge.no. Det er lagt til rette for bruk av videokonsultasjon. Begge kontor er knytt til Norsk helsenett. Det ligg også tilrette for oppkopling frå heimekontor mot EPJ. Begge kontor er godt utstyrt med spirometri, EKG ultralydapparat og ambulant blodtrykksmåling.

For tida er det tilknytt offentlege oppgåver til heimelen som stedfortredar for kommuneoverlege/smittevernlege, dagleg leiar ved Strandebarm legekontor, og sjukeheimslege ved Strandebarmheimen - til saman 22% stilling. Det også innan sjukeheimsmedisin faste fagmøter kvar månad, saman med kollegaer på andre eldreinstitusjonar i Kvam.

Fastlegane i Kvam deltek i kommunal legevaktsordning og i interkommunal legevakt på Voss etter oppsett plan. I gjennomsnitt 3 vakter pr månad.

Det er ynskjeleg med oppstart i vikariatet innan 1.september, men seinare oppstart kan også vera aktuelt.  


Arbeidsoppgåver
Kurativt legearbeid i fastlegeordninga
Stedfortredar for kommuneoverlege/smittevernlege
Sjukeheimsmedisin
Legevaktsarbeid ved Kvam legevakt og Voss og Hardanger interkommunale legevakt etter oppsett plan
 
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege, gjennomført turnusteneste og  rett til refusjon frå HELFO
Spesialist i allmennmedisin eller påbegynt spesialisering.  
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Det vert lagt vekt på fagleg engasjement innan allmennmedisin
Legen må kunna ta del i interkommunal og kommunal legevakt

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tildelt heimelen må difor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal du ikkje leggja ved søknaden.

Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne 
Arbeider strukturert, effektivt og sjølvstendig
Har god formidlingsevne
Fleksibel og positiv innstilling

Vi tilbyr
Fastlegepraksisen er veldriven og godt innarbeidd i trivelege og moderne lokale i Norheimsund sentrum.

Næringsdrift eller fastløn etter avtale

Veiledning til spesialisering i allmennmedisin  

Tilsetjing i vikariatet skjer etter fastlegeforskrifta og sentrale avtalar mellom KS og Legeforeningen. Legepraksisen skal drivast i samsvar med Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, fastlegeforskrifta og andre relevante helselover. Fastlegen skal følgja dei vilkåra som går fram av sentrale avtalar i fastlegeordninga, føringar frå HELFO og lokale føringar av kommunen.

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kvam herad
Kontaktpersoner
Navn: Gudmund Øvsthus
Tittel: Fastlege
Telefon: 91126387
E-post: gudovs@kvam.kommune.no
Navn: Dag Erlend Skjelbreid
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 99108543
E-post: dask@kvam.kommune.no
Arbeidssted
Norheimsund legesenter
Sandvenvegen 35
5600 NORHEIMSUND