Kort om arbeidsgiver

Nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har 2 vikariat i 100% stilling for lege i spesialisering i nevrokirugi frå 1. september 2020. Vikariata har ei lengd på 6 månader med høve til forlenging. Primærvakt er for tida 7-delt døgnvakt. Vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga.

Vi har har hovudansvaret for nevrokirurgisk verksemd i
Helse Vest RHF, og greier ut og behandlar pasientar med alle nevrokirurgiske tilstandar. Vi har regionsjukehus-ansvar for 1,1 millionar inbyggjarar og landsfunksjonar for gammaknivbehandling og behandling av
vestibularisschwannomer.

Nevrokirurgisk avdeling er samorganisert med Nevrologisk avdeling i Nevroklinikken. Avdelinga har 25 sengeplassar, kor 9 plassar er knytt til ein eigen overvakingseining.  Vi har to særs godt utstyrte operasjonsstover i tillegg til hybridstove, og gjorde om lag 1800 operasjonar i 2019. 

Avdelinga har stor forskingsaktivitet og mangeårig samarbeid med andre nasjonale og internasjonale forskingsgrupper, både innan klinisk og preklinisk forsking. 

Interesserte søkjarar kan finne meir informasjon i avdelingas utdanningsplan for spesialiteten nevrokirurgi: Meir info

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i alminneleg vaktturnus og arbeidsoppgåver for legar i spesialisering

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i nevrokirurgi
  • Forskingserfaring er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner både tverrfagleg og interkollegialt på alle nivå i organisasjonen
  • Interesse og motivasjon for fagfeltet

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande avtalar mellom Helse Bergen og Legeforeningen
  • Eit trygt arbeidsmiljø og god opplæring
  • Eit inspirerande og sterkt fagleg miljø 
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Rupavathana Mahesparan
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 55975640
Arbeidssted
Nevrokirurgisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen