Kort om arbeidsgiver

Er du (eller blir du snart) spesialist i nevrologi, og har stor interesse for
faget: Haugesund sjukehus har ledig fast 100% stilling som overlege ved Nevrologisk avdeling. Stillinga gir moglegheit til å fordjupa seg i eit spesifikk fagområde.

Nevrologisk seksjon er organisert som ei eiga eining i medisinsk klinikk, saman med indremedisinske seksjonar, akutt mottak/observasjonspost,  og habilitering
og pediatri. 

Seksjonen har poliklinikk, nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 9 senger til generell nevrologi og 6 senger til slagpost. På poliklinikken har vi generell poliklinikk og tverrfagleg spesialpoliklinikk for ulike pasientgrupper. Sjukehuset har ein aktiv forskingsavdeling og ein radiologisk avdeling med blandt annan MR og DATscan.

I seksjonen har vi for tida sju overlegestillingar og åtte LIS3 stillingar og vi er i stadig utvikling. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt samarbeid med andre avdelingar ved sjukehuset. Vi har godt samarbeid med dei andre nevrologiske avdelingar innan Helse vest og deltar i fleire studiar.

 

Haugesund regionen har mykje å tilby innbyggarane sine. Byen har eit rikt kulturliv, og gode moglegheiter for friluftsaktiviteter både på sjøen og på fjellet. 
Vi ser fram til søknaden din!

Arbeidsoppgåver

  • Overlege jobbar på sengepost saman med LIS, har eigen poliklinikk, og har vakter etter fast turnus
  • Det er moglegheit for subspesialisering innan nevrologi, det er særlig ønske om kompetanse innen epilepsi / perifere lidelser / bevegelsesforstyrrelser
  • Undervisning og veiledning av LIS
  • Det er for tida 6-delt vakt for overlegane, med aktiv vakt fram til k 20 og døgnkontinuerlig tilstedevakt for LIS
  • Dersom søkjaren har godkjenning som nevrofysiolog kan det bli aktuelt med delt nevrolog-/nevrofysiolog stilling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som nevrolog er eit krav 
  • Det er eit krav at søkjaren meistrar norsk eller anna skandinavisk språk godt, skriftleg og munnleg
  • Kandidatar som er snart ferdige som spesialist og kan konstituerast er også velkomne til å søka

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein entusiastisk og omgjengeleg nevrolog som vil bidra til videre utvikling av avdelingen
  • Du har god motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Høg arbeidskapasitet
  • Fokus på kvalitet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Arbeid- og lønnsvilkår blir avtalt på grunnlag av gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Årleg 10 dagar fri med lønn til kurs / kongress og NOK 20.000 til fordjuping 
  • Sjukehuset kan hjelpa til med å skaffa personalbustad og barnehageplass
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Deltid stiling kan drøftast om ønskeleg
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Ineke Hogenesch
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 52732590
Navn: Kirsten Solstrand
Tittel: Funksjonsleder pleie
Telefon: 52796828
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologi/slag seksjon, Helse Fonna HF
Haugesund Sykehus
5504 haugesund
Søk på stillingen