Kort om arbeidsgiver
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter søker lege med interessere for rehabilitering. Det er eit fortrinn om du har erfaring frå arbeid med tverrfagleg rehabilitering, men ikkje eit krav. Stillinga passer for deg som har eit ressursorientert fokus og som er interessert i å arbeide i eit stort tverrfagleg miljø. Senteret nyttar tilpassa fysisk aktivitet, kognitiv terapi, rettleiing og undervisning som tilnærming i behandlinga.
Vi kan tilby eit godt utdanningsløp for spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering.

Kvalifikasjonar:
  • Lege med autorisasjon. Lege med midlertidig lisens vil også kunne bli vurdert til  
midlertidig stilling som lege.
  • Erfaring frå og/eller interesse for tverrfagleg rehabilitering.
  • Kompetanse innan kognitiv terapi, motiverande intervju eller tilsvarande.
  • God kommunikasjonsevne og gjerne erfaring frå undervisning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne (norsk)
 
 
Vi tilbyr:
  • Ein kunnskapsrik organisasjon med engasjerte og utviklingsorienterte medarbeidarar.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og deltaking i forskingsaktivitet
  • Regelmessig internundervisning i samarbeid med fysikalsk medisinske avdelingar på sjukehus
  • Utdanningsløp for spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår
  • Normal arbeidstid 37,5 timars veke, inga vaktordning
  • Senteret er stengt jul/nyttår
  • Gode velferd- pensjon- og forsikringsordningar
  • Hjelp med bustad
 
 
Personlege eigenskapar
  • Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevne og evne til å arbeide tverrfagleg
  • Personleg eignaheit vert vektlagt, krav om plettfri vandel, jfr. Helsepersonelloven §20a.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
Kontaktperson
Navn: Inger Johanne Osland
Tittel: Direktør
Telefon: 57737103
E-post: Inger.osland@rkhr.no
Hjemmeside
Søknad
Søknad merkes: lege/ lege i spesialisering
Send søknad på mail
Arbeidssted
Flekke i Fjaler.
Hauglandsvegen 308
6968 FLEKKE
Søk på stillingen